Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 131
deg gjenom Hugen lett og ljos, og frisk og god som
Guds eigin Ande.
Det er noko anna enn aa sitja og kline med Blekk,
um det elles maa vera einkvar til det au, veit du.
Eg vil berre spyrja deg kva du vil gjeva meg for den
Maaltrosten som sit her ned i Bjørkelidi og lær og
snakkar og plistrar og syng, og fær Svar av Vén sin
der burti Holmen, burtanum Sunde, — held paa
utetter Kvelden so Lufti bivrar av Song, og det Song
som ein ikkje tarv klappe til? Gjev du meg alle dei
vene Dikti som er skrivne i Verdi, fraa Sakuntala og
Kalevala til Maeterlinck og Verlaine? — Stakkars deg.
Hev du kje meir aa gjeva so gakk heim og legg deg;
det vert ingin Handel med oss.
Minst duger eg i Morkenn paa heite Dagar, naar
Soli lumrar um Øyro og My-Svermen stend ikring meg
som ei Sky, og surrar og svirrar og elter og stikk,
med Broddar kvasse som Syl og Naa!, pirkar og stikk
utan Ende og Stans, i Nakke, kring Øyro, paa Skalle
og Nasatipp, Augnebrun og Haar, paa Hendar og Hals,
gjenom Sokk og Skjorte; eg fær ikkje gjort mest nokon
Ting, anna stend der og fiktar og baskar og driv til
ineg sjølv baade her og der, liksom hin Fanten du
veit, han som hadde havt so mange Ordenar i sine
Velmagtsdagar. Etterkvart vert eg so upp-stukkin at
heile Karen er Prikk i Prikk og Blæme i Blæme; og
eg rispar og klaar so eg riv meg mest sund.
Andre Mødur kjem attaat. Saare og sprukne
Hendar; Blørur so vonde som dei var fulle av Eiter; ein
Rygg som styrdnar og styrdnar og sistpaa verkjer som
han vilde fata Eld. Mykje er der i det heile aa
arbeide seg baade ut or og inn i; Kropps-Arbeid er
den beste Skulen i Tolsemd og Traaleik som eg veit
Morkenn: Dat. Eintal av Mork (Mark).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>