Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126
KOLBOTNBREV
um. Og di betre du held ut, di meir Kar vert du,
og di meir toler du. Men anten du held ut eller
gjev upp: so mykje lærer du, at naar du sidan raakar
ein Arbeidskar, so tek du Hatten av deg for denne
Medborgaren; du veit no, at det kostar likso mykje
„Studium" aa lære Hand-arbeid som det kostar aa
lære aa tyde Lovir eller aa lækje Magaverk.
Eg vil ikkje fortelja um kor ofte eg misser Mode
og gjev upp, utmødd og dertil skamfull, av di det
altfor mykje vert berre Barneverk og Tufs det som
Arbeid skulde vera; for lengi hev eg siti paa
Skulebenken og Skrivekrakken no, maa tru. Men gjev eg upp
i Dag, so tek eg paa att i Morgo; ho lokkar og dreg,
den frie Lufti. Og betre og betre smakar ho meg;
det er Stundir daa eg beint fram kjenner Bonden vakne
i meg enno.
Me Bøndar er paa ein serskild Maate bundne til
Jordi; riv me oss lause fraa denne Livsgrunnen vaar,
so fær me alltid ein Stans eller Stur i Vokstren.
Bygata kann vera gild. Men ho er ikkje til aa slaa
Rot i. Eg med min Fante eller Viking Hug til aa
flakke og flytja skulde kunna trivast med aa skifte
Bustad tri-fire Gongir um Aare, som Byvis er; men
nei. Inst inne høyrer eg til dei buande; er Bonde.
Bymannen er heime kvar han kann faa sett upp
sine „Møbler"; for Bonden er Heim noko meir. Heim
etter hans Tanke er fast Bustad paa eigin Grunn for
honom og Ætti hans ut gjenom Tidine; eit Ætte-Rike
er Heimgarden med Aaker og Eng og Elv og Skog,
med Bu og Bygnad for Folk og Fe, med Tun og Tuft
og Lødu og Loft; alt er tilvant og innlivt, so Kui
kjenner sin Baas og Hesten sin Stall; kvar Hage og
Høgd hev Namn; og Segnir vil svive um Haug og
um Heller. Og Minne liver fraa Ætt til Ætt og gjev
Samanheng millom det som var og er og det som koma
skal. Gardane hadde daa au fraa gamalt ein
Tuftekall eller eit Tun-Tre; og mange Stadir gjekk Gard-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>