Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 133
vorden og træla og drog til Hus Ætt etter Ætt
ut-igjenom. Slikt eit Rike er det me kallar Heim. Og
difor kann Bymannen vera so rik og fjong som han vera
vil og heite so tyskt at det smell: er me so sant oss
sjølve, .so er me Adelsmennar mot honom i all vaar
Armod. Me kunde for den Skuld godt skrive oss
med eit „fraa" fyri Gardsnamne; og dette „fraa" vilde
vera likso godt som det engelske ,,o/", det tyske
„von", det franske „de" o. s. fr.; eg skulde soleis
kunna skrive meg Aadne Eivindsson fraa Garborg.
Men det er det same med slikt, veit du. Det er
vel so stolt aa løyne sin Stormannskap som aa gaa og
sprikje med’n; me skriv vaare Namn paa simpel
borgarleg Maate og klarar oss godt med det1. Men
Heimar vil me hava likevel; og no tykkjest eg for
min Part vera komin eit lite Stig paa Heimveg.
Femte Breve.
November.
— Mangt og mykje er umskift i Kolbotnen dette
Aare.
Sjapa er daud. Fred vere med ho. Ho fekk
Kvalpe-sjuken, stakkar; gjekk her og drog seg i lange Tidir
og kunde korkje eta eller leike, ikkje gjera Ugagn
dessmeir; dette vart det for vondt aa sjaa paa; me
miskunna oss og sende ho burt-i Straalsjøaasen, der
Gardsen lét ho døy for Byrsa si.
1 No, daa det meir og meir vert Pengemagti som eig
Jordi, sit Bonden likso utrygg paa Garden sin som
Bymannen i si „Leiebekvemmelighed"; so no er det lite Grunn
til aa drøyme um „Adelskap". (Merknad 1909.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>