- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
134

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126

KOLBOTNBREV

Sæle er Dyri som fær døy for Bly og Kniv! Me
maa talmast ihel me, Klokingane me er, av Magaverk
eller Halsesjuke.

Og no er Sjapa gløymd; Tuften hev teki det Rome
ho hadde. Som skrivi stend: ingin er umissande.

Den gamle Kolbrennarkoja er au burte. Skuldi for
det hev Tuften. Daa me forstod at han vilde koma,
og at Gamlestogo daa attaat alt anna vilde bli
Barnekammers, saag me oss ingi onnor Raad enn aa byggje
ei Stogu til. Og skulde me faa Rom aat den paa vaar
tronge Tuft, laut me rive Koja.

Ja det var og ei Sorg! — Men endaa større Sorg
vart det med aa faa i Stand Nystogo.

Erik Strype hadde lova oss ho ferdug til Jonsok.
Jonsok kom. Og Fantefylgje kom: Kjeringi, Bikkja,
Ungen, Fanten; eit Kjerrelass med Tølur fylgde med.
Og alt var ferdugt: Skogen stod som ein Festkrans av
saftfyllt Bar og glitrande nysprungi Bjørkelauv og
lauga seg i Sol og spegla seg i Sjø; og Aasar og
Fjell gidra i himilblaa Luft som i ei tindrande glad
Ørske; alt var ferdugt, ja ... so nær som Nystogo.
Den var so vidt halvferdug, den.

Ein Kristianialiterat, ein av dei rette, ein med
Lorgnett paa, kom og vitja oss; so vart Gamlestogo paa ein
Gong: 1) Daglegstogu, 2) Barnekammers, 3) Matsal,
4) Kjøk, 5) Baderom, 6) Soverom, 7) Arbeidsrom,
8) Hundehus, 9) Gjestekammers. Og me kunde med
det grøne Tæpe vaart ikkje skifte ho av i meir enn
tvo. Daa var me tilfjells, kann du tru! Ei Hjelp var
det at me ikkje hadde langt til Nordpolen.

Kristianialiteraten vart sjuk for oss. Me hadde kje
Mat til han, maa tru; Handlarane paa Auma og Steien
aatte kje Brød, og ikkje Mjøl (det var i den Tidi daa
det var Sümart’ning der nedyvi); og i Nordpolen laag
Literaten um Nætane og fraus som ein Hund, mest
utan Sengklæde. Han maatte berre sjaa aa berge seg

Tølur: „Diverse".

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free