Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 135
aat Byen att. Me fekk i ein Øyk til han; og daa
han ikkje tolde aa køyre paa desse Skogvegane vaare
maatte han ride. Men so fanst det ikkje Sal nokon Stad
her ikring, anna ein Kvinnfolksal; Kristianialiteraten
med si Weltschmerz og sin Lorgnett laut daa draga i
Veg gjenom den grønkande Skogen paa Ryggen av
Gamlemerri hans Erik Straalsjøaasen ridande paa
Damevis. Men Riddaren var tung; Salen gleid, og
Literaten vart sitjande med Enden heller langt bak og
Hovude heller langt fram, nikkande og dumpande,
jamrande av Magaverk, — eit grøtelegt Syn aa sjaa
for Folk som for Gudar. Sjølvsagt maatte det daa
hende, at Byfrøknine fraa den andre Sida Sjøen just i
den Stundi gjekk seg ein Tur i Skogen so grøn; —
for desse Kristianiafolki hev enno ikkje lati seg skræme
av det reine Flagge mitt. Daa Literaten fekk sjaa
Damur, so kann du tru han reiste seg i Sæte, med
all Magaverken sin ! Men so gleid Sålen til den andre
Sida att; og fyrr han visste Ord av stod han paa
Land-jordi midt upp i Armane paa dei tvo Frøknine . . .
„Tjah! Undskyld, mine Damer ... et Uheld . . .
ganske tilfældigt . . ." Dei var alt langt burt-i Skogen.
Han stod etter vesal og bleik; vreid seg i sitt
Munnskjegg og bad so smaatt til Hin-Mannen.
Det er Matknipe her uppe um Sumaren; serleg er
her Kjøtnaud; so fann me paa at me vilde hava Høns;
den som hev Høns hev Egg med same, veit du.
Eg til Straalsjøaasen; kaupte tri Hønur og ein Hane
av Gardsen, og bar desse Fuglane heim i ei Korg.
Hønsehus hadde me ikkje; i Snarvendingi kunde me
kje faa noko heller; me visste daa ikkje meir enn ei
Raad: laga Hønsegarde i Vedskaalen, Vegg i Vegg
med Stogo vaar. So gjekk me um Dagen og gjætte
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>