Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126
KOLBOTNBREV
Hønsi, at ho ikkje skulde fara paa Skogen og verpe
sine Egg burt der; men um Natti . . .
Um Natti heldt Tuften oss vakne til Klokka eitt og
tvo; daa kunde det nok smaka aa faa Sovefred. Men
Takk skal du ha; Klokka tri vakna Hanen! Som
Brandrop, som Laat av ein Hérlur tona det inn til oss
fraa Vedskaalen: Kykeliky—y! Sol-er-i-Sky! Og
uppatt og uppatt: Kykeliky— y! Sol-er-i-Sky!
Dermed vart Tuften uppskræmd og tok til aa jamre;
æ—æ! æ—æ! bæ—æ! mæ—æ! — og so kom
Hø-nune: bøtt-bøtt-bøtt-ga! pok-pok-pok-pokker-ta! Og so
Hanen: Kykeliky! Sol er i Sky —! Og so Tuften:
æ—æh! bæ—æh! mæ- æh! — me maatte vakne um
me laag i Gravi. Ikkje svært blid stod eg upp; gjekk
ut og jaga Hønsi paa Skogen; med Torv og Stein og
brennande Bønir dreiv eg deim so langt eg kunde faa
deim og ynskte deim eit Stykke til . . . So inn att og
freiste aa sova, endan Soli stod høgt yvi Tronfjell.
Tri Minuttar etter stod Hanen utanfor Vindauga og
song upp som paa den yttarste Dag: Kykeliky—y!!
Sol-er-i-Sky!!! Og Hønune kakla og kjekla som norske
Avisur: bøtt-bøtt-bøtt-bøtt-ga! — pokk-pokk-pokk-pokker
ta! — og so Tuften; og so Hanen; og so Hønsi . . .
Ja det var Liv.
Me var snart so fornøgde av Hønseflokken vaar at
me dømde han til Dauden. Men so vakna eit nytt
Spursmaal. Kvar skulde me faa ein Skarprettar ifraa?
Eg er ein ugudeleg Kropp som vil øydeleggje heile
Menneskja og daa visst det norske Folk; men hogge
Hovude av tri Hønur og ein Hane, det hadde eg ikkje
Hug paa. „Eg kunde koma til aa skjelve paa Handi,"
sa eg. Og han Erik, han som dreiv paa med
Ny-stogo vaar . . .nei; han vilde ikkje heller. „Hadde
det vori i mine unge Dagar!" sa han. So fekk me
Tak i han Esten Vangen. Han hadde kje heller Hug
til aa slaa Høns ihel; men so var det vel so at han
hadde endaa meir vondt av oss enn av Hønsi, og so
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>