Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 137
lova han at han skulde freiste lel. Han tok Øksi og
gjekk aat Hønsehuse. Men daa Hønsi tok til aa
gal-skrike, liksom ho forstod at det var Live det galdt, —
daa bleikna ho Hulda og bad for Udyri. Stakkars
rædde Fuglar; dei fekk i Guds Namn heller liva ein
Dag til. Og livde gjorde dei; det fekk me finne
Morgonen etter. Kykeliky—y ! Sol-er-i-Sky!
Bøtt-bøtt-bøtt-ga . . . pokk-pokk-pokker-ta . . .
Han Erik hadde ein Timbremann med seg som heitte
jon; denne Jon’n var slik ein glup Skyttar. Til honom
vende me oss i vaar Naud: um han ikkje vilde gaa
heim etter Byrsa si og skjote Hønseflokken. Jau:
han Jon gjekk etter Byrsa. Og Hønseflokken vart
skotin, eitt for eitt. Fyrst Hanen: han stod nedved
Bekken og tenkte paa inginting . . . døydde som ein
Mann, utan ein Sukk. So den svarte Høna; ho
sparka litegrand. So den store kvite; ho sveiv rundt
um seg sjølv som ein Topp og lagde seg attunder ei
Tuve. Til Slutt den vesle kvite; ho døydde utan
Braak som ho hadde livt.
Hulda hadde rømt til Skogs, ho; der uppe gjekk ho
og skalv, og skvatt høgt for kvart Skott, liksom det
var henne me gjekk paa Jagt etter.
Eg gav vondt paa henne daa ho kom heim.
„Affektasjon!" sa eg. Jøss, eit Par Høns; det var daa au
noko aa bry seg um! Dersom me ikkje hadde havt
han Jon her, so hadde eg drepi deim sjølv; heile
Hurven; som inginting. Pytt; eit Par Hønsehovud!
„Det var visst godt at me hadde han Jon her lel,"
meinte ho Hulda.
Endeleg var Nystogo ferdug.
Eg flutte der ut med Skrivestelle mitt. Og med ei
Seng. For no maatte eg sova. Ho Hulda fekk lite seg
med si Middagskvild, ho. Ho var yngre enn eg og sterkare
enn eg; og det var mitt Hovud me skulde liva av alle.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>