Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126
KOLBOTNBREV
Skam aa segja det; men tri Maanar Skriving og tvo
Maanar Natte-Uro hadde gjort meg til den største
Krusling under Soli.
Eg høyrer kor godt du lær. Ha-ha; han vil vera
norsk Forfattar og töler ikkje slike Smaating! — Og
du hev Rett. Men kva skulde eg gjera?
Eg var komin av Svevnen, ser du. Og so var det
Hovdaverk og Hugverk og all den Develskap som
finst, og Skriving attpaa; so eg maa undrast paa
Kjeringi som ikkje gav meg Skilsmaalsbrev og drog
sin Veg; for der var lite Moro paa Kolbotnen i den
Tid. Det kunde vera heile Vikur at eg ikkje sa eit
Ord; berre gjekk og brygde og brygde paa sjuke
Tankar som ein Halvgalning.
Allting arga meg; alt var meg imot. Dei minste
Ting gjekk so innpaa meg at eg Gong paa Gong kom
til Kjeringi og sagde: det ryk til Helvite; me kann
likso godt gaa paa Sjøen.
Ho forklaara meg kvar Gong at eg for med Tull;
og kvar Gong vart eg modig att og sagde: det gjeng
godt i Grunnen! Men tvo Dagar etter sat eg ved
Aaren og sturde og stirde i myrke Tankar: det ryk til
Helvite. Me kann likso godt gaa paa Sjøen.
„Uforsonlige" gjorde lite av seg. Det var ein og
annan som hadde kjent at der var noko som brann i
den Boki; men dei fleste Bladlysine pirka og grov og
fann ut at ho var gali gjord. Eg hadde tenkt aa faa
Stykke upp paa Kristiania Teater; men nei, eg fekk
det att; det var ikkje „egnet". So kunde me likso
godt gaa paa Sjøen daa; Bokhandlar-Honorare var mest
uppbrüka. Og det var langt fram til ein ny Roman.
Nei; so sette eg meg til aa rable ihop ein Farce; det
norske Nasjonalteatre livde paa Schønthan i den Tid,
og eg maatte vel alltid kunne laga ihop noko som var
likso godt som Schønthan . . . Nei. Eg fekk Farcen
min att. „Ikke egnet."
I ei dansk Tidsskrift skreiv eg noko Polemik; gode
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>