- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
139

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 139

borgarlege Sanningar som eg mest skjemdest av aa
prente: tvo og tvo er ikkje fem; ikkje tri heller; ikkje
tri og tri kvart dessmeir; tek me alt med i Rekningi
maa me tru, at tvo og tvo nærast er fire . . . Ein
god Vén skreiv til mig og sa: ja, dette er godt og vel;
det visste me fyrr; men seg meg no greidt og
endefram: kor mykje er tvo og tvo etter di Meining? —
Eg reiv meg i Augo og spurde meg sjølv, um eg alt
var so langt komin at eg burde søkje meg Rom paa
Daarekista.

Det vart August; det vart September. Himilen vart
haustbleik og kald. Bjørkine sjukna rundt Sjøen. Folk
og Fe drog heim fraa Sætrar og Sümarbuir. Me
vart aaleine.

Stuttare og stuttare vart Dagane; Nætane kolsvarte.
Alle Fuglar strauk rædde mot Sør. Det vart
vidde-stilt i Fjelle; so stilt at Bekkjesusen i Skogen høyrdest
som Skrik, lang skurrande During, syrgjeleg, skræmeleg
Galdresong. Sidan kom Hauststormane. Dei braut
seg mot Stoguveggine vaare i tunge Støytar og kvævt
Brak og tok Svevnen fraa oss; Rædsle fylgde deim
og Tankar um Dauden. Bjørkine vart rustbrune og
feilte sine Blad. Burtanum Sjøen i kveldmyrke Holt
ula Hubroen. Det vart hustre i Einvera; det
kjendest fælslegt aa gaa her og svive rundt um seg sjølv
i bjørnemyrke Lidir.

Det var Posten me hadde aa trøyste oss med; den
henta eg paa Auma kvar Laurdag. Men det var ikkje
mange som hugsa oss no. Og dei som hugsa oss
visste kje korleis me hadde det. Eg kjende meg ofte
pint av baade det dei sagde og det dei ikkje
sagde, — fann Mistydingar og Mistankar i allting, og
kunde gaa i Dagar og Vikur og vera skjelvande sinna
og sjuk yvi eit lite Ord. Som andre Galningar visste
eg at det eg for med var Tull; eg torde kje nemne
det med Hulda dessmeir; men pinte meg med det
gjorde eg like ille.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free