- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
140

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126

KOLBOTNBREV

Ikkje i Bladi heller fann eg Trøyst. Der mag^a
mine Uvenir seg gode og feite, og eg tottest sjeldan
sjaa mitt Namn nemnt utan naar der var Tilføre til aa
segja meg noko mindre huglegt.

Og so var det Hulda. Og Tuften. Ho Hulda vart
helselaus av di eg ikkje hadde Raad til aa halde
Gjente aat henne; og Tuften vart helselaus av di han
var Son aat Far sin . . . Han kunde ikkje liva. Han
vilde døy um ei liti Stund. Eg laag i svarte
svevn-lause Nætar og venta paa at Hulda skulde koma
farande med ville Augo og galne Faktir og skrike og
graate: kom . . . han hev Krampe; han hev Krampe
. . . han døyr! — Og so var det tvo Milir veglaus
Veg etter Doktar ....

Det er November.

Savalen legg seg med Sukk og Brak.

Fraa Kveld til Morgon og fraa Morgon til Kveld
høyrer me Sjøen liksom jamre og stynja. Lange,
brestande Rullingar gjeng ut gjenom Isen; det smalar og
smell, knakar og knest; det høyrest kvævd Buring,
Gøying, døyvde Brak; snart minner det um Torebrulting
djupt under Jordi, snart um Skjoting og Kanonade langt
attanum Dovrefjell; so kjem det ein stutt, haas, vill
Gaul, som fraa ei druknande Løve. Ein gjeng og
lyder og undrast og vert veik. Det ligg som ein Otte
i Lufti for at noko kunde hende.

Eg hev teki til med ei ny Bok; ei
Kvinne-sogu. So gjeng eg att og fram millom Nystogo og
Gamlestogo, fraa „Boki" til Tuften, fraa Sengi til Bords.
Romanen fær meir og meir Tak paa meg; snart sit
han inni Heilen min og ét og gneg som ei Forgift.
Eg kann ikkje bli kvitt han; eg skriv baade naar eg
skriv og naar eg kviler; skriv naar eg er ute og gjeng;
skriv naar eg fær meg Mat; naar eg er Barnegjente,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free