Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 141
naar eg les, naar eg søv; det myr og masar i Heilen
min stødt; det er Bilæte og Tankar, Sinne og Glede,
Moro og Hat i pinefull Skifting; Hovude er som ei
Maurtuve; det er som Heilen glødde og vilde gaa i Brand.
Og Sjøen burar og brakar i lange Nætar; det er
som Trollrop og Trollstaak fraa Fjell iil Fjell.
Kannhende lagar dei til Likferd i Rundane; Rundekongen
er daain og Rundefolke græt. Eller det er
Tron-fjell-Gygri som hev sett paa Gryta og vil koka seg
godt Sod til Jol, Mannkjøtsod, Barnesod . . . „hei!
Kall uppi Storhø! veit du feitt Slagt, fint Slagt . . .
Kall uppi Storhø?" Kallen i Storhø tegjer ei lang
Stund. So burar det: „hei, Gygr i Tronfjell! Eg
veit feitt Slagt, fint Slagt ... du Gygr i Tronfjell!"
— Ei Stund etter knakar det i Troni att: „Kall uppi
Storhø! Kvar er feitt Slagt, fint Slagt . . . Kall uppi
Storhø!" — „Paa Kolbotnen er feitt Slagt, fint Slagt;
Tuftekall heiter Bukken . . . Gygr i Tronfjell!" —
Og det rumlar og ringlar i breidaste Tron; no tek
Gygri til aa kvesse den gamle rustne Slagtekniven.
Det er smaatt med Svevnen all Tid her; og dersom
du visste alt det Tull eg ligg og bryggjer ihop um
Nætane, vilde du sende Doktar og Fut her upp og
faa meg sett fast med same. Naar eg er i mit likaste
Lag døyr eg. Eg fær Slag; desse Svimringane eg hev
stundom vert til Slag, som rimelegt er; og so døyr eg.
Fyrr eg sloknar raar eg med meg att ei Stund; i den
Stundi segjer eg so og so mange merkelege Ord; og
dei vert uppskrivne og kjem i Bladi. So er eg daain.
So er det Likferdi. Den skipar eg til paa ymis Vis;
stundom er det berre ein Flokk Bohemar og Lurvar
fraa Arbeidarsamfunde og andre Ranglehol som gjer
meg den siste Æra; andre Gongir er Studentane ute
med sine Fanur ... og Arbeidarane like eins . . .
og Bokfolk, og Kunstnarar, og radikale Damur . . .
full Stas; eit Songarlag syng yvi meg, og den eller
den unge Literaten held ei stor Tale . . . der han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>