Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126
KOLBOTNBREV
paa ein merkeleg Maate fær fram alt det som eg sjølv
gjerne vilde høyre sagt; han talar so eg vert heiltupp
kløkkt der eg ligg — i Sengi, forstend du; og heite
Taarur trengjer seg fram millom dei svevntunge
Augna-kvarmane. Kven skulde 110 trutt at eg var so mykje
til Mann! — fælt til intelligent Fyr, denne unge Literaten.
Er eg i Ulag drøymer eg um Fatik-Kassa, eller
lagar ei Sogu um, at Hulda og eg tek Guten imillom
oss og gjeng paa Sjøen. Dagen etter stend det
aalvors-fulle Artiklar i alle Blad . . . sjølve Christian Friele
brukar Orde „beklagelig" . . . berre Kaninbladi er
ufysne; fulle av Lygn og halve Skuldingar.
Eller eg vert galin. Det kann gaa fort slikt, naar
Heilen er so utmødd som min er no, og ein i det
heile hev lite aa staa imot med; det kann koma som
ein Styng, som ein vond Tanke . . . ein ser ei
skræmeleg Syn; set i med eit remjande Skrik; flyg galin yvi
Benkir og Bord; slær sund, riv sund; er i Livs Naud;
triv Øks eller Kniv; Rakekniven; vil verja seg; høgg,
skjer, drep; slær Kløane i Barken paa Folk og trur
ein kverkjer ein Trollkatt . . . Tenk um eg kom farande
der inn no, remjande, ravgalin, drap Hulda, slog Skallen
inn paa Tuften ... Eg fær Skjelte der eg ligg; maa
upp og drikke Vatn.
Men naar det er som verst med meg, finn eg ut
at eg maa bli epileptisk. Desse Svimringane eg hev
. . . slik ei Svimring kann godt vera Ækvivalent for
eit Fall. Ein god Dag bryt Sjukdomen ut; kanskje i
Natt; kanskje i næste Sekund . . . spenne og sparke;
snorkle; Fraude paa Munnen; Tennane i Tunga —
hu; eg kjenner alt slike rare Kriblingar. Arbeider
meg inn i ei Rædsle so eg maa kveikje Ljos, og kanskje
slaa paa meg ein Dram eller tvo fyrr eg vinn meg yvi.
Eg freistar aa lesa meg i Svevn; men alle Bøkar
er faarlege. Det er Sjukdom og Sorg og
hjelpelaus Sut; Live er stengt; me er raadlause alle. Um
eg hadde hundrad Doktarar um Sengi mi, og alle
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>