- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
143

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 143

mine beste Venir, og um dei vilde gjeva Live for meg
. . . kom det til Aalvor so kunde dei kje hjelpe meg det
Grand. Gud? — hu, ikkje tenkje paa Gud. Er det
sant at han kann hjelpe, og endaa læt det gaa som
det gjeng . . . han er kje nervøs, han! — Stengt,
stengt allstad; kvar Sekund kann det koma, og ingin
Utveg . . . utan Dauden som er det styggaste av alt.
Eg er som eit jaga Dyr; Mord um meg paa alle Kantar
og framfyri meg eit fælt, svart Stup. Dei andre
Dyri er i same Naud; kann ikkje hjelpe; hev nok
kvar med seg; i Stupe maa me den eine etter den
andre, anten so me læt eller græt . . .

Ein Kjenning i Utlande hev sendt meg Lombroso:
Der Verbrecher.

Eg hev sétt paa Boki so vidt at eg hev vorti rædd.
Den tor eg ikkje lesa so lengi Nætane er myrke.

Men so fær eg Brev, at Eigaren maa ha Boki attende;
eg set meg daa til og les; og Boki fær snart slikt Tak
paa meg at eg ikkje kann sleppe ho att; ein Kveld
tek eg ho med meg til Nattelesnad.

Ei genial Bok; ei skræmeleg Bok. Fy som me er
Dyr; skitne, ufysne, utuktige Dyr . . . der er kje det
fæle som upp kann tenkjast, utan at me hev det eller
hev havt det; Mann-Eting, Kjønsperversitet av alle
svinske Slag, Epilepsi, Hysteri, Galskap; Sjæli sjuk.
Kroppen abnorm ; soleis og soleis ser ein Brotsmann
ut; Augo blygraa; Øyro store og stend rett ut; lite
og tunt Skjegg; store skeive Kjakar; han er stundom
reint loke-fager, men for det meste stygg; der er vond
Arv i Ætti; han er lettlynd, lauslynd, stormannsgalin,
kjenslelaus; paa sjølve Kroppen er han kjenslelaus;
og serskilt er aa merke at han ofte hev mindre Kjensle
paa den eine Sida av Kroppen enn paa den andre . . .
Eg ligg og les med Rædsla dirrande under
Bringe-kvelven. Mangt av dette kann passe paa meg. Eg
er stygg; hev lite og tunnt Skjegg; der er vond Arv
i Ætti; Lettlynde og Lauslynde hev det vori nok av,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0151.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free