- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
144

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126

KOLBOTNBREV

og Arti er i meg: eg hev snytt ein Mann for tvo
Kronur ein Gong, med full Vilje og Meining. Rett som
det er tykkjest eg merke at eg hev svært so lite
Hudkjensle paa den eine Leggen . . . Rædsla skyt
Rygg; Hjarta stansar; eg kjenner paa den andre Leggen
. . . jau, ved Gud; kjenner paa baae Leggine, knip,
klorar, riv; — jau! — Rædsla fossar inn-yvi meg
som eit grønt Hav; Skjelten tek meg; Viljen er
magt-laus; no kjem det ... no ... Eg velter meg upp,
riv Klædi paa meg; ut; inn i Gamlestogo; maa kje
vera aaleine no . . . Konjak — —

— Eg drikk Konjak; det hjelper ikkje. Eg drikk
Nafta; det hjelper ikkje. Ho Hulda maa upp og kveikje
Eld paa Aaren og lesa Voltaire for meg; etter eit Kav
paa ein Times Tid eller tvo hev eg vunni meg yvi.
Kva det var eg var rædd? — Gud veit. Alt;
ingin-ting; det var Pan-skræmsla, Skog-støkken . . . „Uf,
du skræmde meg so!" — jamrar ho Hulda.

Sidan gjeng eg ute i Snøen og driv, til dess det
tek til aa ljosne. Enno er eg utrygg; enno gjeng lette
Skjelteflagur gjenom Holde; halde seg ute er best; og
so tenkje paa glade Ting.

Men det finst ingi glade Ting. Alt er myrkt eller
kaldt; eller ufysi; og det som er godt er der alltid ein
Tvil ved, eller ein Otte; eller det fører innpaa andre
Ting, som . . . tenkje paa inginting.

„Eg sadla min Støvel og beitsla mitt Sverd,

so batt eg Merri ved Sidunn;

so drog eg ut paa Kattemordsferd . . ."

Nei. Huff; Kattemord . . .

„Tor Brynjulf sat utmed Kamarvegg,
pirirum.

Han kjemde sitt Haar og han bysste sitt Skjegg,
piri ekstram,
doridaram,
doridaram,
doridam;

piri ekstram, piruni!"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free