Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 145
Ja; den er bra.
„Tor Brynjulf sat utmed Kamarvegg,
pirium.
Han kjemde sitt Haar og han bysste sitt Skjegg . . ."
Eg kjem til aa tenkje paa Harald Haarfagre. So
hugsar eg Finnedotteri Snøfrid, henne han var so glad i,
at daa ho døydde vilde han kje grava henne ned, men
vart sitjande yvi Like Dag og Natt, til dess . . .hu!
— Nei; noko anna:
„Mit Navn er Løitnant Flotting,
min Stilling og min Stand
er Løitnant og Dagdriver paa Karl Johan.
Tralala lalala!
tralala lalala!
Og derfor saa er jeg bestandig saa glad!’"
Men so hugsar eg denne Sogo um Løytnanten i
Trondhjem, han som drakk ei fjortan Aars Gjente full
og —. So kjem det sosiale Spursmaale veltande
graatt og langt, vonlaust og endelaust som ein
Midgards-orm — —
Himilen er so klaar at han synest svart. Det er
som eg ser ende inn i dei siste Grunnar. Paa den
svarte Himilbotnen stend knitrande kalde Stjernur og
blaalyner. Ein likbleik Maane er just komin upp, som
Lasarus or Gravi. Kald og huglaus gløser han ut yvi
stivfrosne Viddir, der i det høgste ein skræmd Rein
vildrar ikring uppunder ei Hø ... og so eg, endaa
meir skræmd, endaa meir rædd, langt inne i stengde
Lidir.
Diessen am Ammersee, Bavern.
August 1889.
Etterskrift. So skulde Kolbotnbrevi rnine ende
her. Det hadde me nok ikkje tenkt, nokon av oss.
Men der var ikkje Raad med det, sj’u.
10 — Garborg. VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>