- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
146

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126

KOLBOTNBREV

Og Synd vilde det vera um eg ikkje var glad no.
Ammersjøen er venare enn Savalen, og Alpe-Gjerde
gildare enn Tynnsetfjelli; i Staden for Husmannsstogo
i Kolbotnen hev me den fagre ljose Landsbyen, og
Poplar og Plommetre for svarte Furur. Her tarv me
kje gaa og vente i Dagar og Vikur paa aa faa sjaa ein
Baat som stemner mot Land; Eimbaaten kjem og gjeng
fire Gongir um Dagen. 1 Staden for Sætrar og
Baat-naust hev me rundt Sjøen kvite koselege Landsbyar
nedvaksne i Lauv, og rett yvi Sjøen i Staden for Tron
Klostre Andeks med sine rike Lundar og det høge
Taarne mot Himilen. Vert me leide av aa sitja heime,
so kann me gaa i Gattinger eller upp-i det 900 Aar
gamle Diesenklostre og eta Nyresteik og drikke 01; og
der er det Folk, so me tarv ikkje vera aaleine heller.
Det hadde aldri gjengi oss godt, hadde me kje komi
ut no. Men Sogo um korleis me naadde hit alle dei
lange Vegar med Tuften paa Armen og knapt med
Mynt . . . den skal eg fortelja deg ein annan Gong
kanskje.

No vil eg berre setja Slutt paa Breve mitt; og so
skal du med same faa høyre korleis det kann gaa til,
at ei vond Tonn driv ein norsk Bokmann ut or Land
og Rike.

Fager er Fjellvinteren i Kolbotnen, men aatte
Maa-nar lang.

Kaldt var det au i Aar. Sjølve Bekken fraus; me
maatte til Slutt hente Vatn uppe i Lidi, i Kjelda; og
det var tvo Dagsarbeid aa brøyte seg Veg der upp
gjenom Snøfennane.

Men det sleit seg fram lel. Trøytte og klenvorne
var me jamt og samt; men snart var det den eine som
var klen og snart var det den andre, so det var alltid
eit Grand Umbyte.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free