Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 147
Elles hadde me kvar sitt. Eg hadde mine
Bok-sorgir, og ho hadde Tuften.
Veslekar var meir uroleg um Nætane enn ho brydde
seg um aa fortelja meg. Sistpaa hadde ho misst
Svevnen ho med, so ho fekk lite sova anten han var roleg
eller ikkje.
Det vart til Hovdaverk og Nervetilfelle. Fillegreidur
og Develskap. Hente Doktar naar han er fire og tjuge
Kilometer burte og ein ingin hev aa sende, det vert
ikkje av; og so vart det til det at me sjølve maatte vera
Doktrar. Men naar den eine Nerveveikingen skal vera
Doktar for den andre, so veit du koss det gjeng; han
vert sjuk sjølv og gjer den sjuke sjukare.
Og so det at ein er so faavis. Mang ein Gong
maatte eg banne meg sjølv for di eg visste so lite av
det som kvar Mann burde vita, men som Folk hev
funni det klokt at berre Doktaren veit; Lykka for oss
som for andre Lækjarar var at den sjuke vilde koma seg.
Og for kvar Dag vart Lufti ljosare; Soli steig og
steig; no klara ho Aasen; snart var ho høgt yvi Aasen;
ut i April vart ho so varm at det draup fraa Take i
Middagsstundi. Aa, desse klaare, klingande Dropane;
desse fyrste sæle Bod um berr Jord og Vaar! — me
kunde sitja og sjaa paa deim med Augo vaate av Glede.
Sterkare og sterkare vart Soli; Snøen blautna i
Bakkane; i Slutten av Mai kom Førefalle, — den glade
Tidi naar ein ikkje kann koma fram korkje med Slede
eller Vogn, korkje paa Styvlar eller Ski, korkje med
Skeisur eller Baat; denne glade Tidi daa ein kann
segja til seg sjølv: um tvo-tri Vikur.
Ovanpaa den seks Fot tjukke Savalisen flaut det med
Vatn. Fyrst inn med Land; so yvi det heile. Sjøen
var svart. Me gjekk ned med Strandi kvar Dag og
saag etter um det ikkje snart skulde taka til aa losne
inn-ved Land; jau; sistpaa var der ei Rivne. Hurra!
— Den Rivna vaks; og fleire kom til; snart var der
Raak; cg me saag ned i sjølve blanke Savalvatne.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>