Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
159
Me leigde oss inn paa Stokke i Jarlsberg den
Vinteren, som du veit; Vaaren etter drog me paa
Huse-Leit. Upp-etter paa Telemark-Leidi. Mangt saag me der
som kunde vera godt. Men jamt var der eitkvart i Vegin.
Og ei vrang Sanning kom upp. Eg kjende meir og
meir at eg var Jærbu. Hadde kjent det lengi, men
ikkje vilja vita av det. Men Jærbuen vart sterkare og
sterkare i meg; eg slapp ikkje ifraa ’n lenger.
Hav-Lengt livna; Hav-Minne drog; millom Fjell kjende eg
meg innestengd. Vidd, Vidsyn maatte til; Hav.
Hav-glans, Havglim, Havglitter; Havsus, Havbröt, Havbrak;
Havstorm, Havskodde, Havrædsle, all Havsens
Villskap og Leik, det var det som no tok til aa blenkje og
dure og dundre for meg. Men i Ryggen maatte eg
hava ein Fjellgard, roleg og stød og blaa. Halve Verdi
hadde eg fari kring og leitt etter Heim; no kjende eg,
at rett heime vart eg ingin Stad utan heime.
Men —. Ja du kjenner Verdi. Han spaar, men
h o raar.
Hulda var Austlending. Heidmorking. Hadde aldri
i sitt Liv lukta Sjø, utan fraa eit Eimbaatsdekk. Paa
Jæren hadde ho vori ein Gong, og tott der var gildt.
Forunderlegt; eit heilt nytt Land! Men rart. Liksom
so utrygt. Paa desse flate Viddine der all Verdi
kunde sjaa henne hadde ho mest ikkje visst kvar ho
skulde gjera av seg! Og so var det Vinden paa Jæren,
denne uslitelege Vinden. Nord og Nordvest og Nord
til Nordvest. Og so Regn og Skodde og kaldvori jamt.
Nei; til Jærbu dugde ikkje ho Hulda.
Der stod me paa nytt.
So laut me semja oss. Det vart til det at ho,
Austlendingen, skulde velja Austlandsbustad aat oss; og
eg skulde finne meg i alt ho her fann paa, og ikkje
knurre meir enn so maateleg. Men eg skulde faa
byggje meg ei „Ungkars-Stogu" paa Jæren. Kolbotnen
fekk me selja. Men det laut me no, trøyste oss, kor
som var.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>