- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
161

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

161

Det er ikkje meir enn eit halvt Tjug Aar sidan eg i
den Tanken for fraa Lande med heile mitt Hus. Og
det var rimelegt nok. Folke mitt eigi hadde ikkje
Bruk for meg; og eg kjenner meg ingin Stad meir
heimlaus enn millom dykk norskdanske.

Til Tyskland bar det, som du veit. Til Sør-Tyskland,
Bayern; der plar me norske like oss. Og billegt er
der au; det er mill. a. det, at Staten ikkje blodsyg
Smaafolke med Toll so hardt der som her uppe.

Med god norsk Hjelp (Maalaren Eke næs er det
eg her hev aa takke) fekk me oss Bustad hjaa ein
Bonde i Landsbyen Diessen; der livde me billegt og
hadde det rolegt og godt, so me snart tok til aa
koma oss.

„Hos Mama" vart ferdug og kom paa norsk-danskt
og norskt (med Ivar Mortenssons gode Hjelp) og
tyskt; Pengesuti var daa sløkt for det fyrste. Um
Vinteren heldt me oss i München; der kom me i Lag
med baade norskt og tyskt godt Folk og lika oss
fram-ifraa. Dei stride Dagane me hadde havt i Kolbotnen
vart gløymde.

Og Tuftekallen vitrast og voks. Han tok til aa segja
eitt og anna Ord au i dei Dagane. Men berre tyskt
kom paa hans Munn; i dette Kulturspursmaale brydde
han seg inkje um Foreldri sine. Han maatte bli ein
fullkomin Tysker, um han fekk vekse upp her.

Paa Vaarsida tok me oss ein Sving ned-til Italia;
maatte sjaa det Lande med, naar me var so vidt nære.
Og tenk um me kunde finne oss ein Bustad paa
klassisk Grunn! Ein skulde kunna liva endaa billegare
der nede enn i Tyskland.

Den Tanken gav me elles snart upp. Det var
Tyskland me for det fyrste fekk tenkje paa; men skulde
ein Bokmann av mitt Slag kunna klara seg der, so laut
han sjaa um han kunde faa eit Fotfeste i Berlin; me
flutte til Riks-Hovudstaden.

Der vart me verande ei god Stund. Billeg Bustad

11 — Garborg. VII.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free