Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
162
KNU DAH EI BREV
fann me i Erkner, ein Landsby ikkje langt ifraa
Storbyen. Der fekk eg mill. a. ein Tanke um det tyske
Skogbruk: Skogen vert planta, og so i si Tid „hausta",
Teig for Teig; kvart Tre vert ut-nytta fraa Rot og
til Topp og Kvist; so vert ny Skog sett, o. s. fr.
Eg hugsar eg gjekk og undrast paa, kor mange
Mannsaldrar det vil taka fyrr me norske kann faa slik Skikk
paa Skogstelle vaart.
Mykje Godvilje møtte eg i Berlin. Serleg maa eg
nemne Bokmanns- og Kunstnar-Lage „Freie Bühne";
millom dei styrande der fann eg Samhug og Studnad
som gjorde mykje til at Mode mitt heldt seg uppe i ei
Tid som elles kunde vorti leid nok.
Men Heimhugen er det lite Vit i; sistpaa vakna
han trass i alt. Vakna og gnog og gnog. Enden
vart at me gav upp Utlandsdraumen.
Lære kann ein i framande Land. Og kvile. Stengje
seg inne og arbeide med. Men Folk som eg maa bu
heime, skal Arbeidshugen halde seg frisk; den Juling
ein skal hava fær ein finne seg i.
Me fann ut at me fekk freiste Kolbotnen att. Naar
me var der paa Stimarsida so mykje me kunde, og so
trøyta svartaste Vintertidi i Byn, so maatte me klara
det, meinte me.
Heim att bar det. Og klara oss gjorde me, — til
dess dei nye Vanskane kom som eg her framanfyri
hev nemnt. No hev me funni Raad for deim med, trur
me, me tykkjest daa vera trygge.
Og den Heimhugen som skulde vera burt-sivilisera
vinn meir og meir Magt. Naar Vaaren kjem, og det
livnar i Jordi, og løynde Kraftir æser, vaknar han
i meg som eit Samvitsagg; paa Heimgangsdraugs Vis
søkjer eg daa hit nokre Nætar og spøkjer paa gamle
Tuftir.
For meir vert det ikkje. Det var nok eit Bil eg
tenkte paa aa koma heilt „heim". Eg vilde vera
Bonde og min eigin Herre liksom Fedrane mine; —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>