- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
163

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

163

eg vert stundom so leid av aa liggje aa prikke paa
Papper med ein Penn stødt. Eg slog paa dette jamvel
for Doktaren. Men Doktaren smilte. Og sagde meg
Ting som eg ikkje kunde koma ifraa. Eg dugde ikkje
til Bonde lenger, var Meiningi. So fær eg vera nøgd
med aa „spøkje". I det heile: det du ein Gong hev
kasta ifraa deg tek du ikkje letteleg att.

Men endaa er det meg ei Kvild aa vera heime. Det
lettar aa faa gange paa Heime Grunn og ande Heime
Luft og tala Heime Maal og friske upp Heime Minne.
Nokon Hav-Jærbu er eg ikkje; snarare burtimot halv
Fjellmann; so stend daa au Stogo mi her i Fjellbryne,
nettupp i Millombrøyte millom Flatland og Fjell.

Aa, som eg kjenner att dette brune Heid-Lande med
grøne Gardflekkir og her og der ein Skimt av Vatn
eller Aa, so som det herifraa breider seg ned-yvi og
ut-yvi til Havs: Tunheims- og Risa- og
Tjensvollbak-kane, Mossige- og Fossehøgdine og lenger nord og ned
Hognestad- og Hauglands-Gardane; midt ned-for
Vindaugo mine hev eg Garborg med Aasen og Forane;
nedanfor der att Maulands- og Gudmestad- og
Taar-landsmarkine med Torvmyri; lenger nede noko av
Bø-Bygdi, og nordanfor der Nesheims- og
Høylands-Vid-dine; so lengst ned-ved Havkanten Aabrést (Obristad),
Haa, Nærland, Saltesandane; og so lyfter Have seg ut
imot Himilsyni liksom i ein breid blaa Bakke, høgreist
eller makleg etter som Lufti er. Lengst ute, der Hav
og Himil gjeng ihop, er daa Ytregrensa for Heimlande
mitt, dette lyngbrune, skodde-slørde Lande med Heidar
og Bakkar og Myrar og Strendar og Aair og Vötn og
blaablank Sjø, — det eg best kjenner, det eg sist
gløymer.

*



Papper: Papir. — Millombrøyte: „Overgang". —
Mossige (Vat-sige skal det tyde) vert mest uttala Mossøgje
eller Mossyg. — F6r(d): lita Aa; Myrlende ved ei slik Aa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free