Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
169
upp-millom Bergknausom; den kann halde meg med
Vatn um det so var til eit Kvednafall. So eg tyrster
ikkje ihel, kva Daude eg so elles skal røyne.
Trygg sit eg daa her paa mitt Hlidskjalv og raar
yvi Rike mitt. Der ute ollar Have, alltid veldigt og
alltid ungt. Men attum meg hev eg Fjell so gamle
som Verdi. Store er dei ikkje, som sagt. Men Røynsle
hev dei. Meir enn andre Fjell; for dei hev havt ein
strengare Lagnad. Skavne og slipte gjenom
Aarmil-lionar av Fimbulvinter-ls fraa Polhav og frosne Innland
slog dei seg igjenom naar andre Fjell hadde vorti
malne til Sand og baka til Leir. Toppar og svære
Akslir miste dei; no stend dei kløyvde og sundsprengde
og underleg laga som Borgir med brotne Tak og skeive
Kuplar og Ryggir; men dei stend. Og av Bergsl
pirigs-Auren blanda med Havsand laga Jæren seg og vart
til ei Grønlands-Strand, der ukjende Nordsjø-Folk fikta
med Kval og Kvitbjørn i Hav-Isen gjenom
Heims-aldrar.
No er her rolegt. Jæren er bygd; og Jærbuen
strævar med Stein og Lyng i Staden for med Kval og
Hav-Is. Fjelli er som ein Jøtunheim i Røys, med
Knaus yvi Knaus og Ryggir og Urdir og Smaa-Tjørnir
og lange Votn, og Æar som smøygjer seg kvite og
stride fraa Vatn til Vatn gjenom Steinrøysir og
Hyljar-glup og svarte Trollbotnar. Men her og der attum ein
logn Bergvegg, paa ein grøn Bakke ned-mot eit Vatn,
hev Folk klora seg fast, og liver der sitt
Fjellmanns-Liv, sterke og friske og endelaust arbeids-seige.
Smaatt um Senn tek eg til aa kjenne meg att, her
i Steinheimen likso vel som paa Jæren i Haugheimen.
For eg er kjend fraa gamalt i Fjedlo med. Eg dreiv
Smale og stundom gjætte upp-etter her i mine
Smaa-gut-Aar, og livde mang ein Dag dette fordrøymde
vestlandske Gjætarliv midt imillom Æventyr og Kvardag,
so det er som eg enno høyrer Rop og Langlaat millom
olla: „bølge".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>