Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
170
KNU DAH EI BREV
Berg og or Aa og Tjørn, naar eg gjeng so og sviv
kring-um Knausane.
Og underleg aaleine vert eg her millom Minne og
halvgløymd Draum. I mitt syttande Aar for eg
heiman-fraa; mest ein Mannsalder hev eg vori burte; ingin
kjenner meg lenger; og ingin kjenner eg. Eit gløymt
Liv er det eg liver upp att. Ei ny Ætt hev vaksi til,
med eit Liv som eg lite veit um og ei Sogu eg ikkje
hev vori med i. Sjeldan raakar eg eit Menneskje
eg ein Gong hev kjent. Daa lyt me gamle
Kjenningane gjera oss kjende med kvarandre paa nytt
so godt me kann, og sjaa aa naa i kvarandre att
yvi det mykje og mangt-slag som hev vaksi upp
imil-lom oss.
Alt er nytt so gamalt det er. Ikkje minst framand
og ikkje minst kjend er denne gamle underlege
Bergheimen. Minne møter meg som Skrymt ved kvar
Stein. Rundt ikring paa Haugar og Høgdir og Ufs
og Berg ligg og stend og stundom mest heng, plent
som fyrr og endaa so utrulegt, Jøtunsteinar tunge og
svære og glatte, slipte i Tusund-Aars Is, Trollsköt som
flaug Tor Aas um Øyro i Striden mot Ymes Ætt, men
datt magtlause ned og vart liggjande. Og vert liggjande.
Til Ragnarok. Eg hev sétt deim fyrr alle. Lenger
inne ris større Fjell, Tusseborgir, Trollheimar, meir og
mindre sprengde og sundslegne av Tordjn og harde
Magtir gjenom Endeiøysur av Tid; dit inn berga den
Jøtundomen seg som Tor ikkje fekk slaa; og der fører
han sitt Natteliv enno. Ut vaagar ikkje Trollskapen
seg lenger so ein fær sjaa ’n; men at han er til
skynar eg av Livløysa her; i slik ein Audheim maa
Troll trivast. Paa Litla-Undheims Fjelle er der enno
eit Grand Skog; den ser eg ikkje i Knudaheio. Knapt
den armaste Bjørkekrøkla vaagar seg fram nokon Stad
so vidt mine Vegar og Augo rekk; ein Myrflekk
gul-grønkar her og der; elles er det Lyng og Stein, Stein
og Lyng, all-stad og alltid. Og mest Stein. Graa,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>