Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
171
tung Trollstein, rundslipt smaa Dvergstein, upp og ned,
ned og upp; og Røysir og Urdir under Ufsine.
Men endaa er eg heime. Er eg sjølv av Troll-Ætt?
— eg trivst. Stundom sit eg her og gløymer aa skrive;
stirer ut gjenom dei smaa-rutute Glasi og minnest so
mangt; og gløymer meir; alt eg hev fari med ut i ei
onnor Verd glid undan. Eg hev visst berre drøymt
det. Er ein meir Vokstr enn ein sjølv veit um? —
med lange Løynrøtar i ukjende Grunnar. . .
— Ein liver paa ein serskild Maate i si fyrste Tid.
Liver meir heilt i det ein er i. Naar eg gjeng her
upp-aa „Høgeloftssalen" og ser ut-yvi mi gamle Verd,
kjenner eg at i den maa eg ha livt annarleis enn
sidan. Barndomsheimen er noko for seg sjølv. Aldri
noko vert so inderleg vaart som det me fær inn fyrst,
det me tek upp i Barnesjæli gjenom friske Barnesansar
og Hugar. Eit serskilt Liv fær dette, av di det fær
den friskaste, reinaste Veksegrunn.
Jæren skulde ikkje vera noko sers. Minst totte eg
det, utan i Stundir daa eg gløymde meg sjølv og heilt
ut livde; og av andre høyrde eg visst ikkje Ros yvi
Heimlande mitt. Styggare og styggare syntest det meg
di eldre eg vart helst. Og utan minste Sukk for eg
der ifraa. At det no kann sjaa so mykje annarleis ut,
endaa det er so plent det same? eller ved det at det
er so plent det same? Desse Heidane og Myrane med
Fjelli i Aust og Have i Vest, det er det einaste av
Land som rett kjem meg ved i Verdi. Andre Stadir
kann vera vene. Dette kann vera vent eller stygt.
Men det er mitt. Og sistpaa vert det vent. Jamvel
det som visst er stygt her, — eg veit ingin Stad noko
som i Grunnen er venare.
Der maa vera ein Visdom i dette. Noko me hev
halvt um halvt gløymt. Men som me kjem til aa lære
upp att.
Eller hugsar eg noko som kann vera Maken til
Jær-Lande? Noko som kann tala so lint og vent til meg?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>