Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
172
KNU DAH EI BREV
Fram blaanar fine Fjell i Nord og Aust og Sud.
Store er dei ikkje, men vene, fint laga, der dei i lange
mjuke Bylgjur dreg seg fram under Austhimilen. Dei
hev noko trygt og huglegt med seg, eit Lag og ein
Lit so dei dreg deg fastare til seg di meir du vert
kjend med deim, um du so i Fyrstningi lite agta paa
deim. jærbuen maa helst ha vori „austanfyri" ei Stund,
fyrr han lærer aa sjaa denne Fjellgarden sin. Men
daa dreg det etter med ’n. Me trøytnar av tunge Fjell
i turr skarp Luft; og kjem me daa heim, so vert dei
smaae blaae Fjelli vaare vene for oss. Me finn oss
ein Flekk ved ei Aa attum ein Aas eller ein Haug,
■— vil nok fyrst og fremst „sjaa Sjøen"; men kann
me dertil faa Synsleid upp til dei fine Blaafjelli
ovan-jærs, so læt me rolegt Austlendingen braake med sine
Jotunheimar.
Meir og meir glad vert eg i Sudjærs-Heidane au no.
Det er milevide Lyngmarkir og Utslaattir og Torvmyrar,
med her og der ut-imot Bygdine ein einsleg Gard eller
Plass. Eg kjende lite til desse Heidane fyrr; fraa
Garborg saag me kje anna enn Risabakkane. I rolege
breide Drag stig dei sud-yvi upp imot Synes-Varden,
den eg so vidt skimtar her; so kjem lengst sud
Ogna-Fjell, og lengst sudvest Sjøen.
Men korkje Fjell eller Sjø ser eg herifraa paa den
Leidi; og der er daa Jæren fullkomin: berre Heid og
Himil, berre Lyng og Luft. Ein Villheim for seg sjølv
er dette. Det kann vanke ein Skyttar der so ender
og Gong, eller ein Lyngslaattar; til sine Tidir kjem ei
Torvkjerre med si lange Grind; ein Heia-Gjædar driv
ikring med Smalen sin; det skvett ein Hare her og
der; ein Lom eller ei Ørn flyg; ein Hegre stend og
drøymer attmed ei Tjørn; elles ligg alt som i
Troll-svevn.
Her hit-paa Undheims-Leidi er store Utslaattir, med
Høy-Løur upp-etter all Stad. Mykje Høy veks det
Gjædar: Gjætar. — Smale: Sauir, Saueflokk (kollektivt).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>