Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
173
ikkje her paa udyrka Mark. Men det er godt, friskt
Vallhøy.
Rett ned-framfyri meg breider seg mitt Land. Og
lengst ute, fraa Tungenese til Ognafjelli, blenkjer Sjøen.
Med sin mjuke Blaalit bleikt skinande i Solglansen.
Fagert, fagert er Have, det paa Jordi som mest er
Himilen likt. Ein kjem som burt i den store Ro og
den bleike Glans; driv av i vidsveimde Draumar.
Smaae stillfarande Baatar ligg her og der og glid. Søv.
I Radir og Hopar. Kvar dei skal av? Fort gjeng det
ikkje. Men det er ikkje lengi stilt paa Jærlands-Have.
Dei kjem nok fram.
Sjeldan er Sjøen for Jæren so ven som i Dag,
sol-blank og blid, lat og trygg; det maa vera paa slike
stille Fyrisumar Dagar. Daa laag eg stundom i Sjøen
der nede og lauga meg, under ei Sol so sterk at Sjøen
fekk ein Lunk; og Kuvungane kvitna upp-etter dei
varme Strandsteinane som fine smaae Lambedriftir.
Men annarleis hugsar eg Sjøen fraa Haustdagar og
Vintertid.
Der langt nord og vest ligg Sola-Garden ; der er og
dei Broti som er att av Sola-Kyrkja. Den gamle
meiner eg; den nye bryr me oss ikkje um i Dag.
Sjømaalaren Bennetter eig Kyrkja no; han hev retta
upp det som lét seg rette upp av ho, og steilt ho um
til ein Kunstnarheim. Storslegt hev han det der; som
ein Hovding sit han i si Kyrkjeborg og ser ut-yvi
Hafrsfjord og Have. Og maalar Hav-Liv og Hav-Synir.
Og dyrkar Kyrkjegards-Hagen sin. Men nokon Erling
Skjalgson hev han nok ikkje funni paa Sola1.
Store Draumar sviv der. I Hafrsfjord vart Norigs
Rike til; den Gongen laag Norig ved Have og høyrde
til Vest-Europa. Kong Harald som reiste Norig kviler
ved Karmsund nord i Buknafjorden enno; der fekk
Vall-(Voll-)høy: Høy av „Marker med fast, naturlig
Græs-bund". — Kuvung: „Sjøsnegl, Hvirvelsnekke".
1 Bennetter er seinare daain.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>