Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
179
Soli steig og det vermdest. Smaatt um Senn somnar
Vinden av att. Eg latnar og roast og tek det i Mak.
Smaatt, smaatt! Godt godt — kann det vera paa
Jæren paa ein Soldag. Og sjølve Heimen er det no
som breider seg ut fram fyri meg.
Ned um Tunheim og Tjensvoll ber det. So ut
Tjensvollbakken. Og yvi Tjensvollbekken og upp-i
Risabakken — vaar, var. Rett sud av Heimegarden
ligg han, med sitt Lauvgjerde nedst av Hatle-Runnar
og Osp. Prydt seg hev han i Dag med sin venaste
Blom: lit-linn, fløyelsfin Kusomar; han hev visst at
det kom langframande.
Aalvor sig paa meg. Stilt gjeng eg millom Runnar
og hjartevene Blomar og lette, bivrande Ospekronur
og kjenner meg att, kjenner meg att. Er for kvart
Stig meir heime. Her var det gildt daa me var smaae
aa hente Blomar og Bær. Og um Vaaren naar me
skar Pors. Og sidan, naar eg var med og slo um
Sumaren. Dette fine sterke Vallhøye som daama so
godt og friskt, — aa, som eg minnest det. Inn-yvi,
paa høgre Handi, hev eg „Grovene", der me stundom
skar Torv; og so Foren; og burtan- og ovanum den
Garborg, som breider seg so inderleg ven og grøn med
Engir og Tre ned-yvi mot Sud og Sol fraa den trygge
breide Aasen. Berre det var Skog ut-yvi desse svarte
Træo!
Denne kryddefriske Daamen av Utslaatte-Voll gjev
meg Hug paa Gardsarbeid att. Gjev eg hadde ein
Ljaa. Tenk, den som kunde vera med og slaa i
Sumar! Og vera med i Høye paa knakande
Høyvérs-dagar! Eg hugsar so vel den Tidi eg var med. Det
vert med ein Gong so stutt sidan. Det maa ha vori
ifjor.
Eg finn meg ein Stein attunder ein Hatlerunne upp
i Bakken, millom Mikkjelsbærtuvur og Hønsabærblom,
og set meg. No sit eg paa Fedra Grunn. Rett
fram-fyri meg i Solbakken ligg Fedraheimen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>