Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
180
KNU DAH EI BREV
Det maa ha vori ifjor. Eg kann ikkje ha vori lengi
burte. Eg hugsar so vel all Ting. Det er so det
livnar og vaknar kvar eg skygner.
Slaatten var strid. Det var upp Klokka tri um
Morgonen, med’ Doggi var god; og so slaa so lengi
det beit nokorlunde. Til Klokka tie og so. Daa var
det „Matti" (Mat-Tid); og so kvilte me. Og so ut
att. Var det Høy-Vér, so gjekk det paa Spreng. Men
so var det og Sümar. Rett Sümar hev eg ikkje havt
sidan. Utan i Kolbotnen. D’er Helvite og ingin
Sümar aa liggje og sveite og halv-svimre og slaast
med Flugur og My som me gjer i Byen.
Ja Slaatten var gild so strid han var. Fyrst slo me
Vodlabröde og Kvednhusmyri. So Risabakkjen og
Foren. Foren var den seigaste; han var so stor. I
turre Sümrar gjekk det godt; han var lett aa slaa um
han var noko tuvut. Men i vaate Aar var det vrangt.
Myrblautt og ufysi var det all Stad; og Flaumar gjekk;
den eine etter den andre. Daa laag Garborgs-Förane
som ein Sjø; og Høye flaut av, eller vart utbløytt og
utskjemt. Og Sand og Grus dreiv inn-yvi Slaattune all
Stad. No er dei aat og grev beinare og djupare
Rennur aat alt dette Vatne som kjem rennande fraa
Bakkane i Sud og Aust, og som dei gamle smaae
Förane ikkje alltid greidde; naar det er gjort vert desse
vide fine För-Slettune ned-under Garborgaasen noko
med det beste Dyrkingslande paa Jæren.1
Fraa Foren glid Augo mine upp-etter Aasen med
dei vene grøne „Hagane" og Aakrane i Sud og Aust,
og Berghelleren og „Pigjen" øvst uppe. Midveges paa
Lag, tett attunder Aashøgdi, og med den til Live mot
Hav-Vindane fraa Vest og Nordvest, ligg
Garborgs-gardane.
Det er fem i alt.
1 Förane er uppdyrka no. Storfin Eng og Aaker.
(Merknad 1909.)
Live: Ly.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>