- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
181

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

181

Næst inn-aat Aasen, vestanum Vegen, ligg det som
i mi Tid var Husi aat Smeden, „Huso hans Sven";
det var dei største paa Garborg. Og dei gildaste.
Dei var raudmaala og med høg kvitkalka Kjellarmur
paa Nedsida; Töka hadde brotne Gavlar i Nord og
Sud, og var tekt med fin blaa Hellestein. No er dei
kvitmaala og hev fengi Tak utan Gavlbröt, so det er
snaudt eg kjenner deim att. Den store Smia som
laag ovanfor Heimehusi og den store Aplahagen stend,
men „Smeden paa Garborg" er vel ikkje stort anna
no enn ei halvgløymd Segn. Der var elles i mi Tid
tvo Smedar paa Garborg, han Gamle-Sven sjølv og
han Tønes, Son hans; men no hev alt Handverk flutt
til Jønnvegsgardane.

Nordanfor „han Sven" og Aplahagen hans laag dei
gamle Husi hans Ola, eller i mi Tid hans Tønes. Han
Gamle-Ola livde elles eit godt Stykke upp i mi Tid;
eg hugsar soleis at han pota dei tvo Aplane i den
vesle Hagen utanfor Vindaugo vaare. Han var av
dei gode gamle, han Ola, og kunde mangt. Dotter
hans, ho Anna, gifte seg med han Tønes hans Sven,
som daa fekk Garden. Noko lenger ut ifraa Aasen
hadde me Husi hans Aasmund, like eins gamle; dei
vart sidan rivne, og nye uppsette lenger nede og aust.
Rett sud av desse laag Husi hans Andriss.

Vaare gamle Hus laag i „Kyssebærhagen", millom
Tønes og Aasmund, ikkje fullt so langt nord; men han
Far, som søkte betre Live, bygde noko lenger nede og
sud, austanum Vegen, rett imot Husi hans Sven; der
er det at eg er fødd og uppvaksin.

Men det var Husi hans Tønes eg mest kom til aa
tenkje paa der eg sat. Ein Sukk arbeidde seg fram;
Husi hans Tønes, dei siste av dei gamle Heimehusi
paa Garborg, var ikkje til lenger.

Staselege var dei ikkje, desse gamle Husi, etter
Maaten no. Men etter den gamle Maaten var dei

Tønes = Antonius. — Kyssebær: Kirsebær.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free