Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
182
KNU DAH EI BREV
millom dei gildaste. Og dei huglegaste og heimslegaste
Husi var dei paa Garborg i mi Tid. Eg trur au, naar
eg skal segja sant, at ymist av den Byggjemaaten som
i deira Tid var i Brük, kjem upp att, naar Folk hev
freista det nye so lengi at dei ser kva som der vantar.
*
Lat meg skrive upp det eg hugsar um denne gamle
Byggjemaaten! Du spring berre yvi det, du1.
Huse var laagt, og torvtekt; dermed fekk ikkje
Vinden noko Tak. Og det hev mykje paa seg paa Jæren.
Bordklædningi var reist og Vindaugo smaae, med Rutune
innsette i Blyraamur. Grunnmuren naadde so vidt
upp-yvi Jordskorpa at Huse stod turt.
Ei Stogu med Kove og dertil Gang („Entrée") og
Kjøk laut ofte greide seg; hjaa Gardfolk kom gjerne
„Buo" til. Denne hev vel fraa fyrsto vori eit Bur for
seg sjølv, men hev vorti flutt inn-aat Stogo og fest
saman med den, paa Nordenden helst, til Lfvd mot
Vinden. Difor var det vel au at me sette Heimehuse
i Fleirtal („Huso" o: Husi). Bui vart for det fyrste
verande Bu: Gøymestad for gjæve Eignir, Klæde og
dilikt; dertil vart ho Storstogu, Gjestestogu, naar det
„kom Fremmande" som ein vilde gjera Ære paa. Gang
og Kjøk vart liggjande millom Stogo og Bui; Kjøken
inst. Fraa Kjøken og ut gjekk gjerne ei „Bakdør",
som elles au kunde vera Inngangsdør; men den rette
Inngangsdøri var gjerne paa Vestsida („Gang-Døri");
denne var ofte livd mot Regn og Storm med eit
Utskot („Byslag").
Paa baae Hus-Endane, eller daa visst paa den eine
(paa den andre var ofte Løo bygd til), var det smaae
Tilbygningar, „Skudår", som naadde upp i Høgd med
Stogu-Veggen og hadde Skaatak paa tvert; dei tok
1 Denne Byggjemaaten er i Grunndragi svært lik
Byggjemaaten paa Færøyane, segjer Hulda. (Merknad 1904.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0190.html