- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
183

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

183

au godt av for Vinden. Var det tvo Skutar, brüka dei
den paa Nord-Enden til Torv-Skut; den paa Sudenden
vart samanbygd med Huse til Stogu-Kammers; svara
for Bu og, naar so maatte vera.

Inne i Stogo var Vindaugo paa den vestre
Langveggen; Folk vilde snu aat Sjøen um dei so ikkje
kunde sjaa ’n dessmeir, som her paa Garborg. Ved
den inste Tverveggen stod Langborde, med
Høgset-Enden inn-imot Langveggen paa Vindaug-Sida;
veggfaste Benkir var det paa baade Langvegg og Tvervegg;
øvst paa Langveggbenken var Høgsæte. Borde naadde
til um Lag midt paa Tverveggen; der var Dør inn til
„Kammerse". Innan-um denne Døri, ved Indreveggen,
stod Umhengs-Sengi vyrdsleg og breid; ned-ved
Sengje-foten, millom den og Kove-Døri, stod „Klokk’huse".

Kraai attanum Omnen var tilstellt aat dei gamle;
Seng-Rome deira var gjerne innbygt i Veggen der.
Omnen som var av Malm, einhøg og svær, var
inn-fest i sjølve Muren og hadde Ilegg utanfraa.

Uppi Rote (Lofte) noko framanum Omnen var
Stryte-hole, der Stryta med Köla (Tran-Lampa) vart upphengd
um Vinterkveldane; her samla daa Husfolke seg.
Rokkane gjekk; Mannfolki med Knivar eller Sylar stelte
med sitt; einkvan fraa Garden kom gjerne inn-um;
Skreddar eller Skomakar kunde vera i Huse, eller
Skulen stundom; eller det kunde koma eit
Bygdemen-neskje. Daa hadde Huse sine beste Samtalestundir;
og dei gav meir Hyggje og ofte meir Lærdom enn
Kveldane no, daa Mannen heng yvi eit Blad, og Borni
sit og stirer i kvar-si Bok, og alle tegjer og Lampa
oser. Strytehöle var og i dei gamle Stogune ein ikkje
so galin Luftingsglugg.

Enno stend det her og der att Hus av desse gamle;
men dei minkar smaatt um Senn. Umskifte kom med
Pannesteinen. Husi auka paa Høgdi daa; det vart
meir Lofts-rom, og meir Kjellar-rom med. Billegare

ikkje so galin: „ikke saa ueffen".

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free