Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
184
KNU DAH EI BREV
Glas hev etterkvart gjort Vindaugo større. Alt dette
er godt. Mindre hev det auka med Hushyggje.
Mest alt Byggjefang hev dyrna; dermed vert det
Rome ein lyt spara paa. Stogo og Bui minkar, helst
Bui; og Gang og Kjøk vert trengre etterkvart. Det
vert daa meir innknipi og mindre huglegt i Husi.
Dertil vert det kaldare um Vinteren og mindre svalt
um Sumaren med desse Panne-Tökune, som gjerne vil
braake stridt mykje au i all denne Vinden. At Husi
jamvel stundom hev vorti „bordklædde" med
Pannestein, det er noko som vel snart vert avlagt.
No i det siste tek Bygningsskikken til aa skifte paa
nytt Lag. Det er vel fraa „Bystykki" dei laaner
Mynsteri no. Husi vert høgare, med serskilt høgreiste
Pannesteins Tökur; Skutane kjem burt, og der dei fyrr
livde vert Glas innsette. Dette, og so den smaae
Timbra dei brukar no, gjer Husi mindre varme. Med
mindre Rom, og Romi meir Vegg i Vegg — Gang og
Kjøk midt i Huse kjem burt —, vert Husi au meir
trongbølte. Det hjelper noko at det er mindre
Inne-Arbeid no, og at Born og Ungdom sit meir bundne
med Lesnaden sin, og soleis held seg rolegare. Men
endaa kann den Tidi koma daa Folk ser seg Bate i
aa lære av dei gamle att. Desse nye Husi vert utette
og dragfulle og lite vinter-varme; og det vil gaa som
det gjeng so tidt: det gamle vel-røynde Grunnlage vert
teki upp-att og lempa til Rettes etter dei nye Kravi
som er komne upp; og daa fyrst fær me det som
trengst: ein ny Heim paa den gamle Grunnen. Daa
kann dei koma til aa hugse paa Husi hans gamle
Ola Garborg au.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>