- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
186

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

186

KNU DAH EI BREV

— No er eg heime. No er eg der eg er ifraa.
Denne Jordi hev født meg og ali meg. Kva skulde
eg ut etter? Her ligg Garden min. Som han laag daa
eg var her sist. Noko i Ustand, noko ned-rivin; Løo
stend der med Utbygningar og Tilbygningar som liksom
ikkje er fullt ferduge; Tune ligg som det laag, halvt i
Røys; han som bygde her slutta for snart; og eg var
Skuld i at han slutta. Men . . . naaja. Skuld. Kva
nyttar det aa tala um Skuld. Det er som det er no.

Forunderlegt, fælslegt, som Arbeide reint er liksom
falli ut av Hendane hans Far, desse sterke, knokute
Hendane. Han saag Garden glide ut or Ætti, og so
vann han ikkje meir. Kor han av alt sitt Hjarta hev
bannlyst denne Tidi som kom og døyvde Ættetanken,
og braut Samanhenge, og øydde Grunnlage for
Heime-live vaart. Eg stanar; stend og stirer, og liksom liver
upp-att Vonløysa hans. Ættetanken er slokna. Det
som var av Adel i oss døyr; no er det berre
Kaup-manns-Tid og Næringsdriving. Sogudaamen,
Skaldskapen yvi Bondelive, Adelen hjaa Odelsmannen, er
burte. Odelsmennane gjev Herredomen fraa seg. Dei
vert Skulemeistrar, Klokkarar, Embættsfolk, Tenarar og
Tenårs Tenarar; me hev mist Magti til aa halde oss
sjølve uppe. Ei Modløyse av eit serskilt Slag kom yvi
meg; det var hans Modløyse.

— Eg orkar ikkje gaa inn paa Garborg nett no.
Eg bøygjer av burt-um Løu-Borgi hans Sven, denne
svære Løu-Borgi som dei i mi Tid trudde Garden
hadde fengi Namne Garborg etter, men som ikkje
ser fullt so staut ut no; og eg kjem inn paa
Aalmann-vegen burtved det gamle Eplehuse. Den fylgjer eg
ned-yvi til so lengi, med eit gamalt Steingjerde paa
kvar Side av meg. Det paa Øvresida er elles ikkje
Gjerde; det er ein Mur innbygd i Bakken; Grasvollen
ovanfyri ligg høgare enn Muren; so kjem den lange

Borg: høg Steinmur. — Eplehus: lite Jordhus til aa hava
Jordepli i um Vinteren.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free