- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
188

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

188

KNU DAH EI BREV

paa denne Vegen var det at den graae Fylja vaar stokk;
eg stod i Kjerra og køyrde; ramla ut og slog meg i
Svime paa denne harde Aurvegen; vakna og var like
kry. Me er eit sterkt Folk; i Romanane slær Folk
seg ihel i slike Tilfelle. Her er gamle Vodd’l. Det
var vel helst aat meg at han Far dyrka upp den;
men det visste eg ikkje; eg var rædd og rømde for
„Skaudane". Den gamle Kvedna-vegin vaar tek av
her; eg gjeng ut den. Kvednhuso er nok burte; men
eg kjenner Tuftine.

Ut paa Vodlabröde finn eg ein Stein og set meg.
Av heile Vodd’l var dette Brote det einaste som ikkje
vart uppteki; det var nok Kristindomen som kom i
Vegen. Her vaks mest ikkje anna enn Jonsok-Blom.
Men endaa slog me Vodlabröde. Nedanfyri er
Kvern-husmyri. Eller Kvedn’ushajen. Der laag Kvernhuse
med sine tvo Kvernar, og Türkhuse. Eg var med der
og turka og mol, til dess eg greidde desse Arbeidi
aaleine. Mange rare Draumar laga seg i
Smaagut-Hausen der nede, naar Susen og Surren gjekk av
Kvednavatn og Kvednar og Tüsso og Tüssehjule; ein
Gong eg laag her og turka, laga eg eit langt Dikt um
Arabia. Dette Arabia var visst Fedraland for meg daa;
eg kjende det fraa Bøkar. Sogo um Jakob og
Sø-nine hans var vel den fyrste Romanen min. Dertil
hadde eg fengi Tak paa eit Utval av Sogune i Tusund
og ei Natt; det laag eg og las i her i Turkhuse. Tusund
og ei Natt i Kvernhusmyri! — No er det berre so
vidt ein ser kvar Kvednhuso hev légi.

Utanfor Kvernhusmyri er Marki hans Andriss; der
er au Kverni hans. Lenger nede, i „Maulandshagen"
vaar, er Kvernane hans Tønes og Aasmund. No skulde
Kvernar og Kvernhus vera fredelege Ting, der i det
høgste ein Nykk eller ein Fossekall kunde valde Uro

stokk, av støkke: skvette, „løbe ud". — Vodd’l: Vollen. —
Skaudane: (Barnemaal for) Skoti (Mineskot1. — Kvedn:
Kvern. — mol: malede (Mel). — Tüssa: Turkegreide.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0196.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free