Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
189
ender og daa. Men i mi Tid spøkte det Sakførarar
her ut ikring Kvernadammane. Me hadde Sak paa
Garborg um eit halvt Kvernavatn i seks Aar. Mest
heile Garden var med; Tønes, Aasmund og Far paa
den eine Sida, Andriss aaleine paa den andre.
Det var Møte etter Møte. Paa Tingi og heime; eit
Par av desse Møti, med Vitneførsle og Sverjing, hugsar
eg. Det galdt um ein Kvernadam. Eller rettare um
den Aa-Stemmen som førde Vatne inn i Dammen.
Stemmen hadde stadi der han stod i minnelaus Tid.
Og hadde vori bøtt naar det turvtest. No hadde det
turvst paa nytt; og so hadde dei bøtt han. Men han
Andriss som hadde sin Stem og Dam nedanfyri, fann
at Grannane hadde bøtt Stemmen sin for godt. So at
no fekk han mindre Kvednavatn enn han fyrr hadde
havt. Men dette var i Strid med 5 —11—7 i Lovi,
meinte ’n Andriss. Og so stemnde han Grannane.
Desse meinte at dei berre hadde nytta gamall Rett.
Stemmen hadde vori um Lag som no alltid, og heller
høgare. Naar han Andriss ikkje kunde mala so lengi
som fyrr, so kom det av at han ikkje heldt sin eigin
Stem i Stand skikkeleg.
Vitne hadde dei paa baae Sidur. Litande, ærlege
Folk. Dei som han Andriss kom med vitna imot oss;
og dei som me kom med vitna imot han Andriss. Det
drog ut og drog ut. Saki vart utsett og utsett;
Sakførarar skifte. Leide Sogur og Drøsur gjekk; Mistruir
og Mistankar kom upp; Grannelive paa Garden vart
skjemt og skipla. Domen, som kom i 1859 og vart
stadfest ved Overretten i 1861, gjekk ut paa, at Tønes
og Aasmund og Far hadde bøtt Stemmen vel godt, og
at dei no skulde gjera eit Hol i Botnen paa ’n. Dertil
skulde dei bøte 60 Dalar til ’n Andriss; denne skulde
likevel hjelpe til med Arbeide paa Stem-Gluggen.
No er der ingin som mel paa Garborg lenger. Og heile
den store Saki um det halve Kvednavatne er i Riksarkive.
Stem: „Dæmning".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>