Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
190
KNU DAH EI BREV
Rett som det er sit eg og sturer yvi det at Vollen
her, med Kvernhushagen og alt, er fraaskild
Heimegarden. So at denne no ikkje er stort meir enn Helvti
so stor som fyrr. Kva skulde det skilja meg, som
ikkje hev noko med Garden lenger? Men eg fær det
ikkje ifraa meg. Eg duger visst ikkje til aa vera
aaleine i Dag. Heller til Gards att og sjaa aa finne
Kjenningar!
Av alle fem Garborgspartane er berre Garden hans
Tønes i Ætti enno. Og av dei halvhundrad Menneskje
som livde paa Garborg i mine Dagar — eg kann visst
trygt rekne tie Menneskje i kvart Hus jamt — er der
berre tvo att. Det er han Sven Tønesson og Syster
hans, ho Anna.
Det er for sterkt Blodskifte, dette. For mykje
Sjukdom og Armodsdom hev det vori paa Jæren i denne
Mannsalderen. Men det kjem seg att no. Me skal
nok vinne oss upp att.
Eg skundar meg gjenom Garden; vil innum hjaa
Sven Tønesson fyrst; der er eg vel minst ukjend.
Husi „mine" stend som dei stod; men i Hagen ser
eg berre ein av dei tvo Aplane fraa mi Tid. Med
Hagen hans Sven er det endaa verre; dei mange vene
Aplane som der stod og blømde og bar so vent kvart
Aar, dei er burte alle. Like til den gilde
„Glas"-Apalen som narra meg til aa stela so ender og Gong.
„Kyssebærhagen" vaar er like eins tom. Og paa ein
svært lite rimeleg Maate er han tvinga inn i
Samanheng med Hagen hans Tønes1. Men nord-hjaa han
Tønes kjenner eg meg slett-ikkje att.
Det høge nye Huse som hev vendt seg austyvi, i
Staden for at det gamle vende vestyvi, snur allting
1 Retta paa no, so der inkje er att av „Kyssebærhagen".
(Merknad 1909.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>