- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
191

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

191

rundt for meg. Eg maa snu meg sjølv rundt, og glo
baade att og fram, fyrr eg finn mine gamle
Innsiglings-Merke.

Men Eigaren, han Unge-Sven, kjenner eg att. Han
er sin same, med alle dei Aari han hev lagt paa seg.
Paa sin greide godslege Maate tek han imot meg som
me skulde ha funnest igaar sist. Og eg er heime i
dei nye Husi mest med sama.

Mykje hjelpte det i so Maate at eg inne i Stogo
fann att den gamle „Omnen hans Tønes"; den var
meg reint som ei Barndoms-Helsing. Ikkje var det
gali alt det som nytt var heller. Um Husi hadde snutt
seg, so hadde dei snutt seg rett: dei hadde fengi
Utsyn, og det ei ven Utsyn. Ikkje burt-i eit gamalt
Steingjerde saag me no; me saag til Fjells, der eg
endaa fekk augnefest Stogo mi eigjo. Framfyri oss
laag den høge vene Mossige-Garden, der Husi hans
gamle Ingjebrett Mossige lyste kvite og gilde midt i
Bakken med si lange blanke Vindaug-Rad.

Me kom i Drøs um gamalt og nytt. Mangt og mykje
fekk eg Greide paa som var umskift etter mi Tid; og
eg freista aa finne meg til rettes i alt som var nytt,
um det no ikkje alltid var etter mitt Hovud. Sidan
rusla han Sven og eg ned-til han Aadne ’ans Eivind
skulde vori, eller til dei Husi som nok hev vori bygde
aat meg fraa fyrste Tid.

So sit eg daa der paa mi gamle Tuve.

Eit og anna er nytt for meg her med. Soleis
Stogu-Omnen; den kjenner eg ikkje att. Men snart finn eg
fram det eg kjenner, og læt daa det andre vera for det
det er. Snart er eg so heime som ein kann vera i
ein burtkomin Barneheim.

Heilt kjenner ein seg vel aldri att, naar det er so
lengi imillom. Ja i Grunnen vil alt hava skift. For
meg var serleg alt so uventande mykje mindre. Men
so var det no det same likevel. Det er berre ein
sjølv som hev vorti annarleis.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0199.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free