- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
192

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

192

KNU DAH EI BREV

Der framanfor Omnen sat han Farfar fyrr, og saug
paa ei Kritpipe som der sjeldan var noko i; der var
det au at eg lærde lesa. Burtved Benken, attunder
Vindauga, laag eg sidan paa Kne og høyrde alle dei
lange Bønine. Ved det andre Vindauga, burtimot
Bokhylla, stod han Far um Sundagen og las Tekstane. Og
her, inn-imot Sengi, stod Vogga der den minste sov.
Attmed den sat ho Mor i Ryggstolen sin og høyrde
Preika. Men att-um henne, paa ein Skammel eller
mindre Stol, sat ho Stine og sov, so eg missunte henne
hjarteleg. Aa; heile Barndomslive mitt kunde eg liva
upp-att her.

Kona i Huse, ho Anna, kjenner eg fraa Barne-Aari;
ho er greid og beintfram som ho fyrr var, og minner
meg um so mykje gildt og gamalt. Mannen i Huse
er ein Skulekjenning; han var fraa Grannekrinsen; eg
hugsar ’n godt. Det er ein stillfarande, roleg Mann,
og han skal ikkje vera sterk1; men klok og greid er
han, og me kjem godt til Lags. Og her er alt ein ny
Ungdom i Uppvokstr. Eg tykkjest snart vera kjend
med den au. Endaa det er den som mest minner meg
um, at eg no berre er „Fremmande", — ein Ferdakar
paa Gjesting i Heimehuse sitt.

Me sit og røder, um gamle Dagar og um nyare.
Meir og meir kjem eg som i Draum; det vil ikkje rett
hange ihop for meg dette. Minne vaknar for meg i
Krok og Kraa, ved Vegg og Stokk og paa kvar den
Tile Fjøl; gjekk eg ut i Kammerse der, fann eg visst
den gamle raudmaala Sengi mi enno. Og paa dei
pappdragne Veggine i det vesle Kammerse hans Farfar
fann eg vel au dei Salmane eg der skreiv upp, og som
eg meinte skulde gjera meg til ein ny Kingo. Men
dette at her hev vorti so smaatt. . . Var her ikkje
større? Heile min lange underlege Barndom, med dei
mange Paafund og endelause Draumar, um Kongerike
og Keisardøme og Klokkarpostar og Pavekronur og

1 Døydde i Vaar. (Merknad 1904.)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0200.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free