Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
198
KNU DAH EI BREV
So bar det paa Lande. Vest-yvi, ut Madla-Vegen.
I Madla-Sokni hev eg au eit Grand Heime-Minne.
Fram-um Ledaal, den storlagde fagre Herregarden
til Ætti Kielland fyrr, og fram-um fleire Gardar og
Hagar og Bystykke bar det ut igjenom, til dess eg
fraa Vegen saag Garden Sanddal ved Stokka-Vatne.
Her var det Folke mitt budde daa Garborg var selt.
Ho Mor styrde; sidan kom Bror Jon heim fraa Austraat,
Jordbruksskulen, og hjelpte henne. Daa det leid noko
lenger fram-paa, gifte Jon seg med ei Gjente av
Uelands-Ætti. Ho var likeso god til sitt Arbeid som han til
sitt; so tok han imot Garden, og det greidde seg godt
her ute. For me hev her paa Vestlande havt
Jordbruksskular som ikkje berre lærde upp „Assistentar".
Jon var elles ikkje fullsterk; den kalde Nordvesten her
ute vart ’n for strid; no hev han fengi seg ein Gard
ved Skiensfjorden.
Heimen i Sanddal hadde lite Hjelp av oss andre
aatte Systkeni. Tvo av Brørane gjekk til Sjøs; der kom
den eine, han Eivind, burt; han bleiv i Spanskesjøen.
Systrane lærde aa „brodere", eller gjekk paa
Lærarskule. Etterkvart drog heile Flokken til Amerika so
nær som han Jon og eg; men burt fraa Heimbygdi
kom tne alle.
Daa eg i 1870 var ferdug paa Lærarskulen vart
eg Skulemeistar ved Risør eit Bil; der tok eg til aa
gjeva ut noko som kalla seg Skuleblad. Og det var
Skuleblad for meg; eg tamde meg der upp til aa skrive
norskdanskt. Eitt godt Minne hev eg likevel fraa
denne mi fyrste Bladmannstid: eg fekk Torkell Mauland
til aa skrive norskt i Blade mitt. Daa eg meir og
meir skyna at eg ikkje dugde til Skulemeistar, og daa
Blade mest saag ut til aa kunna greide seg, sagde eg
upp Skulen og flutte hit til Sanddal; der heldt eg fram
med Blade, og meinte det skulde greide baade seg sjølv
og meg til so lengi.
Ho Mor var snild. Trudde paa meg og tok imot
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>