- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
199

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

199

meg, og var meg til Hjelp meir enn eg daa rett
forstod. Foreldre lyt finne seg i slikt; det er mangt
Ungdomen ikkje skynar eller ser fyrr han vert gamall.
Ho Mor, saman med eit Par andre gode Folk, var det
au som hjelpte meg daa eg fann paa at eg vilde
prente Blade sjølv; paa den Maaten meinte eg at eg
skulde tena paa det. I Lag med ein ung Setjar fraa
Bergen, Isaksen, fekk eg i Stand eit lite Prenteverk
upp-aa Lofte hennar Mor; og dette klara seg utrulegt.
Eg var Bladstyrar og Setjargut, og Isaksen var Setjar
og Prentar; han var i det heile ein glup Kar. Snart
saag me likevel at det ikkje her paa Sanddal var
„Framtid" for eit Prenteverk; me flutte daa til Tvedestrand
med det, daa eg ifraa mi Seminarietid visste at den
„Ladestaden" enno ikkje hadde slik Kultur. Der er
det enno; Eigar: Th. Eskildsen.

For meg vart det ikkje so greidt i Tvedestrand. Eg
skulde styre tvo Blad, Skuleblade mitt og dertil
„Tvede-strandsposten"; Prenteverksgut laut eg au vera meir
enn fyrr; og det vart ymist Natte-Arbeid. Verst var
det dei Kveldane daa „Posten" skulde i Prenten. Daa
freista eg stundom aa bladstyre og setja samstundes.
Setja ut av Hovude, som me sagde. Det kunde greide
seg med Smaating. Elles var det aa gaa fraa Kassa
til Skriveborde og fraa Skriveborde til Kassa att.
Utetter Natti kom Svevnen. Daa laut eg staa og skrive.
Men naar det leid paa, sovna eg jamvel um eg stod.
Felagen min laut daa dunke meg i Skolten so ender
og Gong, til aa halde meg arbeidsfør.

Dette greidde seg eit Bli. Men so laut me leige
Arbeidshjelp. Og den var dyr. Etterkvart kom me
daa etter at det var eg som var for dyr.
Prente-verke kunde føde ein Prentar eller tvo, men ikkje
nokon Bladstyrar. Enden vart at Isaksen laut taka heile
Greida. Eg for min Part fekk fem Dalar av Kassa
som etterkvart hadde vorti heller utpint; med dei fem
Dalane strauk eg til Oslo og vilde „studere eller døy".

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0207.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free