Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
200
KN UDA HEI BR EV
Eller faa meg ei Lirekasse, og med den spéla meg
gjenom Verdi so langt som til Arabia. Der vilde eg
slaa meg til; i ei Bergholu ved Sinai; og liva av Bær
og Geitemjølk. Og skrive Æventyr som dei i Tusund
og ei Natt.
Eg brydde meg ikkje serskilt um aa studere, naar
sant skal vera sagt. Minne um Postilane og
Pontoppidan, og um den syrgjelege Endelykten det hadde teki
med ’n Far, skræmde alle Prestetankar fraa meg; og
Embætte av anna Slag lokka meg ikkje stort meir;
sitja og føre Protokolar hadde eg lite Hug paa. 1 det
heile visste eg ikkje kva eg vilde. Eg var komin upp-i
ei raadlaus Ørske av Fritenkjing og Draum-Romantik
som eg ikkje lenger kann greide ut; svært langt ifraa
Tulleskap hev eg vel knapt vori.
Det eg „tenkte paa" var eitt av tvo: fara paa Æventyr,
um det kunde laga seg so, eller taka Artium med non
og bli Diktar. Og liva det ideale Studenterliv. Eller
um det kneip: finne meg ei Bergholu upp-ikring Byen
ein Stad, og so leggje meg inn der og svelte ihel.
Til Oslo kom eg. Gjekk der og tulla eit Bil; „budde"
i Vaterland; livde paa Vatn og Brød; skreiv litegrand
i Dagblade. Styraren der, H. E. Berner, no
Borgar-meistar i Oslo, var meg ein god Mann. Han retta og
strauk og stellte paa Stykki mine so vidt dei vart
lesande; sette deim so i Bladkjellaren sin og gav meg
„Honorar", so vidt at eg med min Livemaate greidde
meg. Men det var so lite eg kunde skrive. Eg kunde
og visste ingin Ting. Serleg var eg ukjend i Kristiania,
og hadde slett ikkje Lag til aa vera Bladfyk. Det saag
reint svart ut. Lire-Draumen dugde ikkje heller; kvar
skulde eg faa ei Lirekasse ifraa? Og koss skulde eg
koma til Arabia, naar eg kunde korkje tysk eller arabisk
Maal? Og denne Bergholo; døy i ei Bergholu; Tull.
Slikt gjekk ikkje so fort; og fyrr eg visste Ord av fann
Politie meg og sette meg paa Fatik-Kassa. Eg hadde
høge Tankar den Gongen um Kristiania Politi.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>