- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
201

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KNUDAHEIRREV

201

Den som hjelpte meg til Rettes til Slutt var Peter
Hær em. Han var den mest hjarte-rike Mannen eg
hev kjent, og det vil alltid vera meg ei Sorg, at eg so
lite vart det han hadde venta og vona.

Han var fraa min Lands-Kant. Stavangermann heilt
ut. I Trudomslive sitt hadde han Samanheng med den
gamle Hauge-Vekkjingi der burte. Folke trudde han
paa, Bonden fyrst og fremst; og ikkje minst trudde
han paa Bonden fraa Vestlande. Meg visste han paa
ein Maate um; hadde lagt Merke til det vesle Blade
mitt og meinte eg kunde koma til aa føre ein sterk
Penn. Han smilte daa eg sagde at eg var Fritjenkjar;
noko sers Vyrdnad for Romantiken min hadde han vel
ikkje heller. Det eg trong um no var aa arbeide,
meinte han. Lære noko. Og daa eg var Fritenkjar,
so eg ikkje kunde taka imot teologisk Hjelp, so fekk
me skipa oss med eit Laan til so lengi. So fekk det
laga seg etterkvart som det kunde best.

Det laga seg som det kunde, um ikkje best nettupp.
Um Peter Hærem er det knapt anna leidt aa fortjelja
enn at han var altfor god i seg. Trui hans var mest
vel sterk. 1 „Bondestudentar" hev eg sett inn eit Par
Sogur um dette som han fortalde meg sjølv, men som
eg sidan fekk Greide paa fraa den andre Sida; det er
vondt med slikt; og ein skynar at jamvel godt Folk
ofte maa misse Trui. Meg med trudde Hærem for godt.
Eg gjorde elles mitt beste; og det var ei Tid daa eg
trudde det skulde laga seg; Kierkegaard drog meg ikkje
lite; men etter alt eg no kann skyna gjekk det som
det maatte gaa.

Hausten 1873 kom eg paa „Studenterfabriken", som
daa, etter Heltbergs Tid, var styrd av cand. mag.
Schou Bruun, ein greid og dugande Kar; daa var
eg 231/» Aar gamall. Lirekassa og Arabia vart gløymde
no. Eg var komin so vidt til Aars at eg laut tenkje
paa aa verte vaksin.

god i seg: godhjertet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0209.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free