Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
202
KN UDA HEI BR EV
Høge Tankar hadde eg um den akademiske
Borgarskapen; og Tidi var knapp; „Fabrik-Studentane" var
dessutan lite velkomne paa Høgskulen. Og strjuke
vilde vera leidt, serleg for ein gamall Fyr som laante
seg fram til so høg ein Vyrdnad. Eg kann segja eg
las ikkje lite i desse tvo Aari. So kom Domedag. Og
upp laut eg. Aldri i mine Livedagar hev eg vori
so rædd. Eg kunde ingin Ting. Det var klaart som
Blekk: eg gjekk til Dunders.
Daa alt var yvi, viste det seg at eg hadde klara meg
likevel. Men non fekk eg ikkje. —
— — Halvt burte i desse Minni var eg komin alt
ut til Madla mest; der laag Eksismoen, og Madla-Aasen
med grøne Gardar og kvite Hus heilt upp, men lengst
nede ved Fjorden Panneverke. Naa; er eg komin so
langt, so lat meg taka Hafrsfjord med, tenkte eg, og
krabba upp-i Marki og frampaa ein Lyngbakke.
Blaa og frisk blenkte Hafrsfjord i Soli. Utgangen
til Have ser ein ikkje; Fjorden er som eit stort Vatn;
ingin skulde tru at det her var hendt noko stort. Men
her hende det største som i det heile hev hendt i Norig.
Gjev det maa stande æveleg!
— Eg legg meg i Lynge og ser ut yvi Fjord og
Land. Tankar og Soguminne tek meg.
— -— Dette Norge no, det ligg inneklembt millom
Sverig og Danmark og høyrer politisk til det eine og
literært til det andre; i sin Vitskap er det Underbruk
under Tyskland. Herrefolke hev tyske Namn og talar
provinsdanskt; Hovudstaden kallar seg etter ein dansk
Konge og ligg i Viki, som fraa gamal Tid ofte gav
seg inn under danskt Herredøme.
Men det gamle Norig laag ved Vesthave og var
vest-europæiskt.
gaa til Dunders: „gaa ad Helvede til."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>