- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
203

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

203

Trondheimen var fraa gamalt Landsens Magt; og
Allsherjarthinge der hadde Rett til aa köra Landskongar.
Men det fjordsprengde, fjellbratte Vestland avla Vikingar
og Sjøkongar; og Rikdom og Skaldskap og det høgste
Aandsliv hadde sin Heim der, serleg i dei Fylki som
laag Vestheimen nærast: Hordaland, Rogaland,
Egda-fylke.

Men paa Austlande. hjaa Breidbygd-Hovdingar, i
Grannelage til Sveavelde og Danavelde, vakna den
norske Riks-Tanken. Alt tidleg tok Ynglinga-Ætti til
aa leggje under seg Land; Gudrød Veidekonge raadde
fraa Vingulmork og Vestfold til Hadaland og Heidmarki;
og Son hans. Halvdan Svarte, som var fostra hjaa
Morfar sin paa Agdir og gift med ei Kongsdotter fraa
Sogn, raadde sistpaa baade Sygnafylke og eit rett stort
Rike austanfjells.

Hans Son att, Harald, fullførde Verke. Her i
Hafrsfjord slog han sitt siste Slag, og sitt største: mot Hordar
og Rygar og Egdir og Teiar og dertil ein Hjelpehér
fraa dei norske Riki i Irland og paa Skotlandsøyane.
Sistpaa lagde han dei norsk-skotske Øyane under seg,
og raadde no fraa Irlandshave til Kvitehave, og i Aust
til Gauta-Elvi; Norigs Rike, som sistpaa strekte seg til
Grønlands-Isane i Vest, var grunnlagt.

Norigs Konge heldt seg, no som sidan, i Trondheimen
mest; det var Hovud-Lande. I sine siste Aar var
Harald elles mykje i Hordaland og Rogaland, paa
Gardane sine der; „Austlandskongen" var vortin heilt ut
Landskonge. Paa Hauge ved Karmsunde døydde han
og vart hauglagd; tusund Aar etter fekk han sin danske
Minnestein.

Olav Haraldsson heitte d.en Kongen som fullførde
Haarfagerverke; i hans Sogu au er Hordaland og
Rogaland framme.

Her ved Hafrsfjorden, paa Sudsida, paa Garden Sola
(provinsdanskt „Sole") budde den megtuge Hersen
Erling Skjalgsson. Han var gift med Syster av Olav

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0211.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free