Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KN UDA HEI BREV
209
— Det vert nok ikkje gjort so mykje Ære paa
vaart Folkemaal!
Stavanger er ein norsk By. Og kunde bli ein norsk
Fyrigangsby, um han vart deretter styrd. Men han er
styrd som Norig elles, og vert daa paa sin Maate ein
Knodeby. Med eit Knot som er ikkje so lite løje
stundom; dei fann paa mangt naar dei skulde vera
fine, dei gamle Stavanger-Skiprane og Kjøbmen’nne.
Ved Middagsborde igaar var eg elles upp-i so mykje
Maalrøre at eg laut minnast baade Babel og den fyrste
Kvitsunnhelgi. Men so var det no au ei
Sambords-maaltid — naah, table cL’hote paa norskt — paa ein
av dei store Gjestegardane.
Eg kann ikkje noko vidare med sams Bordsetningar
av Framandfolk; stengde meg daa av i meg sjølv og
dreiv paa med det som kom meg ved: Maten. Men
Øyro kunde eg ikkje stengje.
Det strile-tyskdanske fraa Bergen var som vanleg
det høgmæltaste. So kom grautut brumlande
Handels-farar-norskdansk fraa Austlande, og Halvmaal og
Blan-dingsmaal av andre norske Slag. Stavangermaale tok
seg for mine Øyro best ut i denne Maalvilla.
Eg meiner det fine Stavangermaale. Dei fine
Vest-lands-Bymaali er i det heile det likaste me hev av
dette Slage; for dei er daa noko-so-nær danske enno.
Det norskdanske eller norsk-svenskdanske serleg i
Austlandsbyane er verst; di verre Blandingsmaal di
simplare, veit me. Men so skulde vel dei au fyrst
bli leide seg sjølve og folke, d. e. norske, paa seg?
Det rette Stavangermaale er Ryfylkemaal og
Jærbu-maal, smaatt tiljamna og tildanska og dertil uppmengt
med eitt og anna serskilt: Sjømanns-villtyskt og
Stav-anger-villnorskt, Formir som ikkje synest hava nokon
annan Grunn enn den at Rygen, naar han kom til
løje: løgje; løglegt.
14 Garborg. VII.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>