- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
210

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

210

KNU DAH EI BREV

Byn, totte han laut tala noko annarleis enn dei tala
heime. Gjenom Storfolk-Bymaale vart so dette
Folke-Bymaale danska paa etterkvart. No i seinare Tid gjeng
det visst noko snøggare med dette. I Staden for det
gode norske ka høyrer ein soleis no ofte ,,vah", eit
Ord som i norske munnar ikkje alltid tek seg ut; det
vil so lett minne um Hundegøying. Kannhende noko
for di det vert saa urimeleg ofte bruka. Samrøda vil
ofte gange smaatt millom Stavangerfolk no, og serleg
millom Stavangerfolk og Landsfolk; d’er tidt so dei
samtalande liksom er rædde ho kunde dovne burt. So
tøygjer dei daa paa ho det beste dei kann; og det gjeng
med vah, vah, va—a i Einingi. Paa den Maaten fær
dei kvar Setning og ofte kvart Ord teki upp att, og
upp att; og Røda kann vara rett lengi, um dei hev
heller lite aa tala um. Denne Va-ingi kann vel elles
au berre vera ein Uskikk som fylgjer med, naar Folk
skal øve seg i aa knote.

Ja det vert knota meir i Stavanger enn fyrr;
kannhende er det Smitte fraa Bergen. For Bergen fiffar
paa seg no, daa det snart skal verte „Forstad til
Kristjanja"; og Stavanger kann du vita vil ikkje vera
ringare enn Bergen. Og daa visst slettikkje norskare!
— for Stavanger ventar og aa bli Forstad til Kristiania
snart. Den nye „Søsygebane" til Flekkefjord som
vart brötin tvers gjenom svarte Fjelle aa kalla for, so
at ein av Bygmeistrane skal ha sagt at det vilde bli
mykje billegare aa køyre kvar sjøsjuk Eimbaatsfarar
fraa Flekkefjord til Eikersund paa fire-hjuls Vogn, —
denne Bana vil snart vera ferdug. Og sidan er det
berre dei Smaastubbane frametter Havstrendar og
Fjord-strendar til Skien — den norske Jønnvegen hev til
serskild Fyrilogu aa kapplaupe med Eimbaatane, veit
du —; dermed vil Stavanger vera Forstad so vel
som Bergen, og kann daa segja vah likso flust som

Fyrilogu: noko fyrilagt; ei „Uppgaave".

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0218.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free