- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
211

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KNUDAHEIRREV 219

det. Det bør daa likso godt taka til aa øve seg, det au;
va — a ?

— Dersom daa ikkje Stavanger finn paa at det heller
vil vera vaar fyrste norske By?

Etter Kaffien tok eg ut La(de)gaardsvegen, Byvegen
vaar i mi Tid.

Minne livna for meg her med. Aa, som Smaaguten
sat burtdrøymd og himilfarin paa Kjerrelasse sitt naar
me kom so langt som hit, eller berre so langt at eg
saag Hetlandskyrkja! Aldri nokon Stad vert jønnvegen
so heilt ut Kaupmanns-Tid for meg som her ved Porten
til Gudsrike mitt fraa Barneaari.

Eg stansar og snur meg. Ser inn-yvi att. Det sviv
noko av den gamle Høgtid yvi Domkyrkje-Taarni enno.
Men Draumen er sprengd. Jønnvegen bryt seg inn i
Heilagdomen med sin Murstein og sitt Braak; og alt
det gaatefulle som gøymt og halvgøymt laag her og
glytte fram att-under gamle Lundar og Berg, er
av-vyrdt eller burte. Sjølve Domkyrkja er nækt. Vel
mykje. Og Samtidi hev sett sin Jønnveg og Kvardag
midt upp-imot ho, so Høkerdaamen er all Stad
kjennande. Jønnvegen fraa i Dag ands Andlit med
Domkyrkja fraa vaar gamle Tid, det er eit Tankebilæte av
dei sterkaste, ein Dom: den skillings-trælande Dvergen
mot den stort tenkjande og høgt drøymande Kjempa.
All Vyrdnad for Eim og Hjul. Men gjev det ikkje
vert altfor lengi fyrr den Tid kjem, som denne
Gogn-verk-Alderen vel paa sin Maate skal fyribu!

Eg snur meg og gjeng i Veg att. Farvel, du gamle
St. Svithuns Kyrkje! Um det ikkje er att stort meir
enn Utsida av deg no, og ikkje alt av den heller, og
um det yler og braakar ikring deg aldri so mykje rned
Eimpipur og Handelsstaak, du er det me enno hev att
nækt: „blottet". — ands Andlit: "Ansigt til Ansigt".

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0219.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free