Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
212
KNU DAH EI BREV
av stor Tid; gjev du maa faa staa i Fred heretter, for
Herjingar som for Restaurasjonar! —
— Snart skimtar eg Gandsfjorden. Og paa Innsida
av den Li-Fjelle som stengjer for Riskakvervo, der eg
i 15—16-Aars Alderen var Skulemeistar, Barn og
Barn-fostrar i eitt.
Elles hadde eg det godt der. Rike mitt var stort;
fraa og med Riskakvervo tøygde det seg nord-gjenom
Stavangerfjorden fraa Holme til Holme alt nord til
Omøy, der eg hev Minne som ikkje vert gløymde so
snart. Men fraa Riskakvervo hev eg au Minne. Det
var „fast" Skule der, med leigd Skulestogu paa
Haua-land; men Skulestogo var den Kvardagsstogo der
Heimefolke heldt sig, so den vanlege Fastskule-Kalden
kjende eg ikkje noko til. Det var der eg skreiv mitt
fyrste store „dramatiske Digt" paa Vers, — etter
„Brand", skynar du. Det einaste eg hugsar er Titelen:
„Syner i Skodd". Um der var Synir veit eg ikkje.
Men Skodd var der, det veit eg. Eit anna
Fem-vendingsspél paa Vers gjorde eg etter „Peer Gynt"
med; det hev eg jamvel gløymt Namne paa. Han
hev ført eit hardt Velde i Norig den Gongen, Ibsen.
— Eg kjem til Helevaag (Mauland trur me skal
skrive Hilevaag), det venaste eg i Barndomen visste.
Dei skriv det „Hillevaag" paa fint. Men Hill er paa
norskt noko som eg ikkje her bryr meg um aa draga
fram.
Aa du Hilevaag som ein Gong var Paradis utanfor
Sions-Porten! Fager er du enno; men du er ikkje
det du var. Vegen er umlagd; Jønnvegen innsprengd;
Skoglidi upp-rivi; Hagen skjemd. Framfus og
vyrd-laus bryt Jønnvegen seg inn; süme Stadir ser ein ende
ut i Fjorden.
Ikkje klaga. Det fagre er ryrt; serleg kvervi er
det her i Lande. Det meste av Hilevaag er elles att
ryr: kortvarig: forgjængelig. kverv in: ustadig; uvarig;
svindende.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>