- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
213

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

213

enno. Glansen er av; det er nok so. Men dei driv
kannhende Hilevaag med større Vinning no enn dei
gjorde i mi Tid.

Og Gud vere Lov: r.m vent kverv, so kjem vent
att. No fær eg snart sjaa Skogplantingane paa Hinna
. . . rekk eg Toge paa Hinna, tru? Ja; det er god
Tid. Glad er eg. Stykke fraa Stavanger til Hinna
plar vera det verste paa Bana; her kann eg mest
vera viss paa aa bli seigpint med Stavanger-Knod; lat
meg halde meg paa Landvegen so Iengi eg kann; der
er eg fri, og hev dertil Lag med mine Barndoms
Minne.

Men agte Tidi! —

— Agte Tidi, ja. Det er au noko me Bøndar maa
lære. Og Jønnvegen vil lære oss det; dermed vert
han ikkje for dyr, um han kosta aldri so mykje.

Ein rar Skikk, den gamle: ein skulde vera seint
ute naar det galdt Lag eller Gjesting. Det var ikkje
Folkeskikk aa koma snart, eller koma plent; for det
fyrste skulde ein ikkje sjaa altfor lagkjær ut; og for
det andre skulde ein gjeva Vertsfolke god Tid til aa
stelle seg. Dette siste hadde, og hev vel enno, si
gode Meining.

Men no, daa Minuttvisaren paa Klokka raar, og
Folke meir og meir maa agte si Tid, no vert det
annarleis. Naar eg tenkjer paa mine fyrste By-Aar,
og kor lite eg daa skyna dette, skjemmest eg.
Skulde eg ut ein Gong, til Middags eller Kvelds,
trudde eg det var Folkeskikk aa lata Folk vente. Men
Vertsfolke hadde Maten ferdug; og Gjestine kom til
den Tidi som var sett; berre denne eine, denne
Vestlendingen, kom ikkje. Folk var snilde; tøygde seg so
langt dei kunde; det var kje sagt det var mi Skuld;
det kunde vera komi noko i Vegen; no kom eg trast,
eller sende Bod; —- nei. Det kom ikkje noko Bod;
og eg kom ikkje heller. Til Slutt kunde dei kje vente
lenger; Maten vart kald; dei gjekk til Bords og gløymde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0221.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free