Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
214
KNU DAH EI BREV
baade meg og den Uhugnaden eg hadde vori Skuld i.
Men daa — klingelingeling! — daa kom eg. Og so
vart det ny Stans. Helsing o. s. fr. Huff. Det er
fælt aa hugse sovori. Men slike gamle Vanar og
Tenkjemaatar kann sitja forunderleg fast.
Naar me skulde ut og ferdast elles var det paa ein
annan Maate; men me skulde taka det med Töl daa
au. Ikkje hava Hast; det sat ingi Kjering fast; og
den som hasta, han gløymde for mykje. So gjekk
ein daa der og sumla. Og kom sjeldan avstad fyrr i
seinste Lage.
Denne Maaten høver mindre og mindre no. Vera
gløgg um Tidi er noko av det ein fyrst maa lære.
Det hev ikkje minst eg fengi finne; og den
Skjemte-sogo eg ein Gong skreiv um aa vera „for seint ute",
den er aalvorsam i Grunnen. Mykje slik Tankeløyse
hev me aa vinne yvi, me norske; agte Tidi og halde
Ord, det er tvo Ting som maa til, um me skal kunna
liva folkelegt.
— Au; er Klokka so mange? Enno er eg Bonde;
i Veg, i Veg! Og denne vene Ung-Skogen som eg
so lite fekk sjaa paa; og Hinna-Alarki, der eg ei Natt
var med og gjætte Ku-Drifti hans Farbror i Veg,
i Veg! — Endeleg. Eg naadde Tramen just som Ferdi
skulde gaa. Eit tomt Rom var der; det krabba eg
upp-i. Og hui—i! av Stad bar det.
Paa vinstre Handi, i Aust, hev eg Gandsfjorden og
Fjelli. Paa den andre Sida er det halvt um halvt
Fjell-Land der med; og der er Gausel-Skogen. Stakkar;
mest heilt øydelagd no1. Og ikkje lenger sidan enn i
mi Barndoms Tid gjekk det Segnir um Skogrøvarar i
Gausel-Skogen!
Upp og ned; att og fram. Skogen gjeng, Bana
kjem . . . tenk; her sit eg og køyrer med „Jæderbanen".
Eg hugsar vel den Kvelden paa Garborg, daa han
Far kom heim og fortalde at me skulde faa Jennbane
’ Kjem seg att. (Merknad 1909.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>